- Universiteta og høgskulane har ansvar for å ta vare på norsk fagspråk. Derfor er dette ei viktig sak for Språkrådet, seier Åse Wetås til Uniforum. Ho viser til at både Universitets- og høgskulelova og Universitetet i Oslos språkpolitiske retningslinjer legg premissa for dette.
- Når me ser at desse vedtaka blir gjort på tvers av intensjonane til språkreglane, og utan at desse dokumenta låg ved, må Språkrådet reagera, understrekar Åse Wetås. No meiner Språkrådet at saka må behandlast på nytt, med alle dei relevante saksdokumenta på plass.
Fekk nei til å ha disputas på norsk
Det var i mai år at Uniforum fortalde historia om stipendiat og lege Guro Haugen Fossum ved Avdeling for allmennmedisin ved Institutt for helse og samfunn på Det medisinske fakultetet. Ho ville gjerne forsvara avhandlinga si på norsk under disputasen på Universitetet i Oslo. Derfor bad ho den sakkunnige komiteen om å senda inn ein søknad om dispensasjon frå kravet om at ho måtte bruka engelsk som talemål fordi avhandlinga var på engelsk. Sidan alle opponentane hennar forstod skandinaviske språk, trudde ho at det ikkje v