Med denne dietten kan kua produsere fleire liter mjølk - men samstundes brukar ho mindre norsk areal, og meir areal i utlandet. Den utviklinga ynskjer både landbruksaktørar og politikarar å snu.
Ein av metodane som hyppig blir nemnt, er å lære av flinke bønder som klarer å dyrke mykje og godt grovfôr i dag.
I 2017 var det ein krevjande vekstsesong, med store nedbørsmengder over store deler av landet. Likevel greidde dei tre bøndene i Skorve samdrift i Flatdal i Seljord i Telemark å hauste 1120 fôreiningar per dekar i Grovfôrkampen.
Det sende dei til topps, som vinnarar av konkurransen.
Glansbilde
Ottar Flatland sjølv dyssar ned prestasjonen.
- Området som er med i konkurransen, er ikkje på meir enn 20 mål. Det kan du pleie ekstra med. Gjødsling og kalking ligg i botn, men ein er ekstra påpasseleg med å vatne og å slå til rett tidspunkt, seier Flatland.
Dette kan lage eit glansbilete av norsk grovfôrproduksjon, men det er ikkje slik det er, meiner mjølkebonden.
- Det året hadde eg eit gjennomsnitt på heile arealet mitt på rundt 800 fôreiningar. Så det er stor forskjell. Men også det er bra samanlikna med snittet, innrømmer han.
Tidspunktet avgjerande
Skorve