AddToAny

Skjermen som samlingspunkt er utmattande, viser forskinga. Sjølvbildet står på spel

«Zoom fatigue», blir det kalla, etter den kanskje aller mest populære plattforma for digitale møte: Vi blir slitne og utmatta av å stire på kvarandre gjennom ein skjerm.
Og kanskje aller mest slitne blir vi av å stire på oss sjølve.

- Når vi ser på oss sjølve, aukar medvitet om oss sjølve veldig. Vi blir veldig merksame på korleis vi ser ut og verkar på dei andre. Fokuset blir flytta frå det vi skal snakke om til korleis vi tar oss ut, seier forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), Jan Olav Christensen til Khrono.

Før det blir slutt på at det er for tidleg å senke skuldrane, korleis skal vi unngå å bli «zoombiar» heile gjengen?

Og korleis går det eigentleg med teaterstudentane?

Spegel, spegel...

Det gjekk ikkje lang tid frå pandemien førte folk til heimekontor før dei første åtvaringane kom frå forskarane om dei uheldige effektane av det digitale arbeidslivet. Jo, heldigvis kan vi halde kontakten i ei krevjande tid, men det kan tappe oss for krefter. Mange har peikt på at vi blir eindimensjonale, at kommunikasjonen manglar subtiliteten, blokkerer kroppsspråket.

I ein av dei første vitskapelege artiklane som går meir systematisk inn i dei psykologiske effektane trekker Stanford-professoren Jeremy Bailenson bokstaveleg tala sjølvbildet som årsaken til kognitiv overbelastning.

På dei fleste plattformene finst den vesle ruta som kontinuerleg sender deg direkte, som viser ditt eige kamerabilde.

- Men dette er ikkje naturleg, seier Bailenson til Stanford News.

- Dersom nokon konstant følgde deg rundt med ein spegel i den verkelege verda, slik at du kunne sjå deg sjølv når du snakka med folk, tok avgjersler, gav tilbakemeldingar, fekk tilbakemeldingar - ja, det ville vere galskap. Ingen ville finne på å gjere det, seier han.

Bailensons peikar på at å stadig sjå på oss sjølve påfører oss stress. Vi betraktar oss sjølve med eit kritisk blikk, og det slit oss ut.

På det vitskapelege planet finst det rikeleg med studiar som underbygger observasjonane til Stanford-professoren.

Narcissus og kosmetisk kirurgi

- Det er ein faktor som kan gjere det veldig slitsamt. For nokon kan det gå ut over sjølvbildet, seier Christensen, STAMI-forskaren.

Vitskapen tangerer også urgamle innsikter om farane ved å bli slukt av si

Les mer

Flere saker fra Khrono

Universitetet i Sørøst-Norge, NMBU og Høgskolen i Østfold reagerer sterkt på at de ikke får unntak fra forlengede koronatiltak, og krever begrunnelse.
Khrono 13.04.2021
Samfunnet er i rask endring med stadig nye behov for omstilling og nytenkning, skriver ni rektorer.
Khrono 13.04.2021
NHH-studenten tapte i tingretten, men har nå inngått forlik med staten. Der blir det slått fast at studenten skal slippe å ha eksamen før klokken 13.
Khrono 13.04.2021
En rådgivende uttalelse fra Efta-domstolen, mye dokumentasjon og 16 vitner. I dag starter ankesaken mellom staten og de norske psykologistudentene i Ungarn.
Khrono 13.04.2021
Manglende mulighet til å reise har hemmet forskningen mest under koronatiden, spesielt for yngre forskere, viser Nifus nye koronaundersøkelse.
Khrono 13.04.2021

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt