Uniforum
06.12.2019
Den kvinnelege imamen Seyran Ates frå Berlin fekk torsdag 5. desember overrekt Universitetet i Oslos menneskerettspris i Gamle festsal i Urbygningen.
Menneskerettsprisvinnaren Seyran Ates fekk utdelt prisen av rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo. Før prisoverrekkinga fortalde ho litt om bakgrunnen sin og kvifor ho starta kampen mot tvangsgifte og til slutt valde å grunnleggja sin eigen moskè med seg sjølv som imam.
Les mer- Utdanning
- Utdanning er den viktigaste grunnen til at eg er her i dag. Det skjedde den dagen då eg var seks år gammal og dei fattige foreldra mine kom til Tyskland. Då begynte eg på skulen og lærte tysk og gjennom tysken opna heile verda seg for meg, fortalde Seyran Ates i ein samttale med leiar for prisjuryen, dekan Aud Tønnessen ved Det teologiske fakultetet.
Seyran Ates er utdanna jurist Ho er fødd i Istanbul, har tyrkisk mor og kurdisk far. I fylgje ei pressemelding som Universitetet i Oslo tidlega