Det blei eit dramatisk styremøte hos Institutt for lingvistiske og nordiske studium den 10. februar. Då skulle instituttet vedta den endelege stillingsplanen for åra framover i lys av langtidsprognosen til instituttet.
Seks dagar før ante senterleiar Elizabeth Lanza ved MultiLing (Senter for fleirspråklegheit) uråd då ho fann ut at det opphavlege framlegget til stillingplan var blitt endra. I dag er MultilLing det einaste senteret for framifrå forsking ved Det humanistiske fakultetet.
- Ei vitskapleg stilling i fleirspråklegheit «med innretning mot psykolingvistikk» ved MultiLing var blitt trekt frå den prioriterte fjerdeplassen. På styremøtet vart det eit knapt fleirtal for forslaget med styreleiaren si dobbeltstemme som utslagsgjevande, fortel ho.
- Skulle bli ein del av arven
Etter hennar meining torpederer vedtaket tidlegare lovnader overfor både Forskingsrådet og MultiLing om at senteret skulle utvikla fleirspråklegheit som ein eigen disiplin på instituttet.
- Den stillinga som blei fjerna på styremøtet, er den siste av fire stillingar som ein reknar som naudsynte for å få etablert ein fagdisiplin på instituttet. Den skulle også bli ein del av arven etter MultiLiIng. Om me hadde fått den, ville me kunne ha starta opp ein internasjonal attraktiv master i fleirspråklegheit, er ho heilt sikker på.
No trur ho det er meir usikkert om dei har den naudsynte kompetansen som skal til for å kunna tilby ein konkurransedyktig, internasjonal master der ein kan gi forskingsbasert undervisning på høgt nivå.
Bygde opp sosiokognitivt laboratorium
Elizabeth Lanza peikar på at senteret fekk verdsleiande midlar frå UiO i 2015 gjennom ei løyving frå Stortinget. Med desse pengane fekk dei mellom anna bygd opp eit sosiokognitivt laboratorium ved instituttet.
- Det har avansert utstyr og er svært viktig for både forsking og undervisning i psykolingvistikk. Sjølv om me har ps