AddToAny

Samtidskall

Samtidskall
Kall finst framleis, ikkje minst i litteraturen. Dette er ei høgst leseverdig bok, som tidvis kallar fram det kallet ho omhandlar.
Å vere kalla har noko fortidig, nesten arkaisk over seg, det vitnar om og viser til klosterliv og misjonsmarker. Men om ordet har falma, har fenomenet det viser til, sine samtidsvariasjonar. Kven kjenner ikkje til menneske som brått har blitt fylte av ei tvingande visse om at frå og med i dag vender eg meg bort frå store delar av det livet eg har levd, i eit glimt av opplysing om kva det handlar om, det å leve i samsvar med seg sjølve, snur dei ryggen til ei mogleg framtid og går inn i ei anna. Minst uvanleg er kanskje kallet frå kjærleiken, dei som satsar alt på eit samliv med Den Rette, og vender seg mot ei framtid som skal vise seg å romme lukke og ulukke, tap og vinstar dei ante, men enno ikkje kjende. Mest ekstremt er framandkrigaren som vender ryggen til eige samfunn og samtid, langt meir sosialt akseptert er den indre monomane overtydinga til ein kunstnar, idrettsutøvar eller professor.

Forelskinga, det drivande kallet i det heilt vanlege kaoset vi til dagleg kallar kjærleik - for å låne ei formulering frå sosiologen Ulrich Beck - har relativt liten plass i denne boka om kallsvariasjonar i skandinavisk litteratur. Her møter vi kallet hos kunstnaren og presten, fråveret av kall, kallet til paralyse og einsemd, kallet som naudskrikande motstand hjå dei som mot eller med eigen vilje lever i ein ufri røyndom, kallet til offervilje hjå det globalt privilegerte, men akk så samvitsfulle menneske, kallet frå kvardagen som litteraturen kan opne for oss, ein kvardag som alltid allereie har tapt for tida, ugjenkalleleg, men som likevel kan kallast fram.

Den tematiske kallsvariasjonsbreidda i boka har si verdimessige forankring i det litterære utvalet (Ibsen, Ørstavik, Vaage, Knausgård, Solstad, Fosse, Næss, Lundberg, Hamman, Kierkegaard), men også i den idémessige og idéhistoriske forankringa til forfattarane. Elleve bidragsytarar med bakgrunn i teologi og litteraturteori har her funne saman i ei bok, godt redigert av Stine Holte.

Eit gjennomgåande tema er korleis vår tids kallstanke, idealet om autentisitet, om å leve i samsvar med oss sjølve - ideen om at dersom eg ikkje lever opp til dette idealet, er nettopp det meiningsberande i at akkurat eg finst, borte - er ein sekulær versjon av den kristne kallstanken. Autentisitetens etikk, slik han er utvikla av filosofen Charles Taylor, søkjer å vise utover ideen om at menneska med sekulariseringa er inngjerda av ei førestilling om at vi står einsame framfor valet av eigne livsprosjekt, å vise at vi kan vere tru mot oss sjølve også i samklang med andre.

Innsiktene til Taylor vert her knytte til den lutherske og pietistiske tradisjonen, ein tradisjon som vende seg frå klosteret til kvardagen og til førestillinga om at Gud var i kvardagen, som seinare vart omforma til å forstå kallet som noko ekstraordinært (kallet til kunstnaren, politikaren), for så, i ei omvend rørsle, å vende seg til kvardagen igjen. Ambivalensen i kallstanken til Paulus, mellom kallet til oppbrot og til å leve livet i kvardagen, vert slik skapt på ny i vår tid - og i denne boka.

Eit anna grunntema har ein psykoanalytisk klangbotn, det omhandlar livet i det trugande møtepunktet mellom forkrøpling og fornying, det naudsynte i å erfare at nokon held ein oppe, ei grunnleggande røynsle som litteraturen kan gjere oss meir lydhøyre for, slik vi ser i kapitla om Det forsvunne barnet (Kari Løvaas) og Kristian Lundbergs forfattarskap om menneska som heng etter fingertuppane i velferdsstatens sikkerheitsnett (Kristina Leganger Iversen).

Kallsvariasjonar er litteratur om litteratur, ein sjanger som i sjølve sitt vesen stiller skribenten overfor eit krav om å vere på høgde med det analyserte verket, opplyse det på ny, i form av ein sjølvstendig tekst prega av språkleg presisjon og evne til å integrere tolking i sjølve teksten, umerkeleg, men tydeleggjerande. Det er eit krav som er vanskeleg å imøtekomme, mange fortaper seg i skolastiske analysar der utvendige tolkingsnøklar skaper eit likesælt tomrom, som ein lang, grå korridor som i beste fall, langt om lenge, fører fram til rommet til den verkelege litterære røyndommen, i verste fall ingenstad. Skolastikken, i trygg avstand til litteraturen og det livet han speglar, er eit relativt utbreidd fenomen i norsk litterær analyse. Men det finst viktige unntak, bidrag som har sjølvstendig litterær verdi og som utvidar teksten dei skriv om - slik vi ofte finn det hos slike som Kaja Schjerven Mollerin og Henning Hagerup.

Slike unntak er det heller ikkje altfor langt mellom i Kallsvariasjonar, tidvis kallar ho fram det kallet ho omhandlar, i heilskaplege einskildkapittel eller som lengre passasjar i bidrag som er mindre lytefrie reint språkleg. Nært nok til at dette er høgst leseverdig bok. I det minste for dei som har høyrt sterke indre stemmer. Og kven har ikkje det?

Image-text:

Kallsvariasjonar er litteratur om litteratur, ein sjanger som i sjølve sitt vesen stiller skribenten overfor eit krav om å vere på høgde med det analyserte verket. Foto: Wikimedia

Extra-info:

Fakta

Stine Holte (red.)

Kallsvariasjoner Novus forlag, 2018

244 sider

Rettl. pris: kr 295

Bokanmeldelse:

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt