AddToAny

Sakte, men sikkert vaknar UiO til liv etter koronadvalen

Sakte, men sikkert vaknar UiO til liv etter koronadvalen
- Dei første to månadane under koronaepidemien var eg heilt åleine i Eilert Sundts hus. No er me fem personar i denne etasjen. Det seier fakultetsdirektør Gudleik Grimstad.
Uniforum har undersøkt om livet på UiO har normalisert seg etter koronapausen.

Frå den 11. mai har både tilsette som ber om det og studentar som har behov for det, fått lov til å venda tilbake til universitetsbygningane på Blindern, Gaustad, i Geitmyrsveien og i sentrum. Rundt to veker ettter den avgjerda tar Uniforum temperaturen på Universitetet i Oslo for å finna ut om det er mange som nyttar seg av dette tilbodet.

Turen går frå Eilert Sundts hus og Lucy Smiths hus på Blindern til Domus Juridica i sentrum. Og me møter tilsette på cellekontor og i ope landskap. Innimellom treff me også tre studentar på ein benk utanfor SV-fakultetet.

- Stille og tomt

Miniturneen vår startar i 4. etasje i Eilert Sundts hus på SV-fakultetet. Det er fakultetsdirektør Gudleik Grimstad som kjem ut frå kontoret sitt og tar imot oss tysdag denne veka. Han er truleg den einaste som har vore på jobb på arbeidsplassen, medan alle andre har hatt heimekontor.

- Det har vore stille og tomt, men eg har stort sett sete i Zoom-møte store delar av dagen. Sånn sett har arbeidsdagen min likna litt på den dei andre har hatt, sjølv om eg har slept å barnehagebarn og skulebarn rundt meg, slik andre har hatt, fortel han med eit smil til Uniforum.

- Men eg veit at det har vore tungt for somme, legg han til.

Sjølv om Gudleik Grimstad knapt har hatt ein einaste kontordag heime, klarer han å leva seg inn i situasjonen til dei tilsette som har måtta leva med det.

- Fekk gjort forbausande lite

Fleire trur at dei skal bli meir effektive når dei er heilt åleine på arbeidsplassen. Gudleik Grimstad vedgår at han er ein av dei.

- Ja, eg trudde det. Men faktum er at eg fekk gjort forbausande lite, og langt mindre enn det eg hadde trudd. Det var så mykje som handla om korona og tiltak og kva me skulle gjera. Eg måtte driva med utlevering av maskiner til folk som trengte det, fortel han.

Det var absolutt ikkje slik han hadde sett føre seg at det skulle bli.

- Eg trudde eg skulle få mykje tid til å tenkja lange tankar og gjera større ting. Dagane har gått forferdeleg fort og berre smuldra litt bort, er det inntrykket han sit igjen med.

Dei siste dagane har han fått selskap av både dekan Anne Julie Semb og andre av kollegaene i korridoren. Så det er litt nærmare ein normalsituasjon.

- Ja, eg synest det. Det er litt fleire her no, men mange er avhengige av kollektivtransport og har fått barna ut av huset, og derfor klarer dei å få gjort ting heime. Det er ting som tyder på at mange synest det er fint å ha heimekontor også, konstaterer han.

Har gitt teknisk bistand til tilsette

Gudleik Grimstad viser oss også ei tralle med masse teknisk utstyr.

- Eg har måtte sørgja for at folk har det utstyret dei treng for å kunna jobba heime. Det kan vera skjermar,, kamera og skrivebrett, slik at dei har kunna gjera jobben sin heime, fortel han.

Gudleik Grimstad trur det har vore verst for dei som arbeider på laboratoria til Psykologisk institutt.

- Dei er avhengige av å få inn prøver og testa levande menneske, og når det ikkje går lenger, forsvinn

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Edvard Munchs aulamåleri og Vikingskipshuset på Bygdøy er no opne for alle. Me har snakka med turistar frå Vestlandet og Sørlandet.
Uniforum 03.07.2020
Bærekraftig omstilling, grønt skifte og digitalisering er gjennomgående i mange av prosjektene som nå får støtte. De to bedriftene som får mest, får 16 millioner hver.
Uniforum 02.07.2020
Fra i dag kan statsborgere fra land utenfor EU og EØS som har arbeids-og oppholdstillatelse i Norge reise inn i landet. Det annonserte justisminister Monica Mæland under dagens pressekonferanse, melder VG.
Uniforum 01.07.2020
- Vi er motiverte og skal jobbe iherdig for at studentenes stemme setter fotavtrykk og får gjennomslag, sier Andreas Trohjell leder av Norsk studentorganisasjon (NSO) i en pressemelding.
Uniforum 01.07.2020
- Eg vil forsøkja meg på ein ny periode som rektor, men korleis rektorlaget mitt blir, vil eg ikkje avsløra enno. Det seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum.
Uniforum 01.07.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt