Khrono
04.12.2022
I fleire år har interiørarkitekten snikinnført julelys på Nygårdshøyden. I år kom det litt større pynt på plass.
- Instagramvennleg, seier Kristina Kvareng Skorpen og humrar.
Les merHo er interiørarkitekt og overingeniør i eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen.
Skorpen snakkar om den store julekula som er komen på plass på Nygårdshøyden i Bergen, ved inngangen til Muséhagen. Allereie før 1. desember hadde kula fått omtale i Bergensavisen og dessutan vorte peika på som eit av Bergens Tidende sine tips til koselege, gratis førjulsaktivitetar i byen mellom dei velkjende sju fjella.
For det Skorpen og kollegaene har gjort, er rett og slett å få på plass ei svær julekule som ein kan sitja inni, og som bokstaveleg tala lyser opp i mørketida. Her er det plass til at fleire kan samlast samstundes.
Lys