Khrono
03.08.2020
Nytt av året: Ved Universitetet i Søraust-Noreg ringjer fadrane til ferske studentar for å ønska dei velkommen til universitetet, og å få dei med.
Det er berre ei veke att før mange tusen ferske studentar skal møta på studiestaden for første gong. Etter ein vår som har vore heilt annleis enn vanleg, er det framleis usikkert kor mykje fysisk undervisning det vert. Men fleire institusjonar har sagt at dei prioriterer dei ferske studentane, og vil ta ekstra godt vare på dei.
Les merUniversitetet i Søraust-Noreg (USN) tek no kontakt med ferske studentar for at dei skal kjenna seg velkomne. Det skreiv universitetet på eigne nettsider.