Uniforum
08.10.2019
I 2018 hadde universitet og høgskular 3,3 milliardar ubrukte budsjettkroner. Kunnskapsdepartementet får no kritikk frå Riksrevisjonen.
Universitet og høgskular har late vera å bruka 3,3 milliardar kroner. I 2018 stod denne slumpen med pengar godt sikra på bok hos desse institusjonane. Kunnskapsdepartementet får no kritikk i årsrapporten frå Riksrevisjonen, går det fram av ei pressemelding. Offisielt ber rapporten namnet "Årleg revisjon og kontroll budsjettåret 2018." Den er no sendt over til Stortinget.
Les merVil ha betre informasjon til Stortinget
Summen på 3,3 milliardar kroner svarar til nesten 10 prosent av den årlege løyvinga på 35 milliardar kroner, heiter det. Universiteta og høgskulane har lov til å overføra budsjettmidlar frå eit år til eit anna, men undersøkinga viser at det manglar rammer og planar for bruken av midlane.
- Trass i de