Men sjukdommen har nok kome snikande nokre år før det. Siri Meyer minnest at ho måtte halda seg godt fast i gelenderet då ho skulle ned trappa i HF-bygget i Bergen. Det var ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB) ho hadde arbeidsstaden sin heilt frå 1984, men dei siste åra av arbeidslivet var noko annleis.
Symptomene hadde kommet snikende, uten at jeg merket det. Men nå var de ikke til å overse. Sladdede bilder fra sjelens mørkerom kom til syne: den subbende gangen, hender som griper om gelenderet, fallene på flat mark. Stygge bilder. Da jeg utpå sensommeren skulle besøke søsteren min på Hedmarken, tok jeg med meg en stav. Like etter kjøpte jeg enda en, på fysioterapeutens anbefaling. Du må rette deg opp i ryggen når du går, sa hun. Løfte blikket. Ellers kommer verden til å forsvinne. Og det gjorde den.
Dette skriv Meyer sjølv i antologien «Vendepunkter», gitt ut på hennar eige forlag i 2021.
Leita etter forklaringar
- Mor mi hadde dårleg hørsel. Eg tenkte at det jo er ein samanheng mellom hørsel og balanse, og at det difor kunne vera ei logisk forklaring på at eg snubla så mykje, seier kunsthistorie-professor emerita Meyer.
Og forklaringa var i og for seg logisk, når diagnosen først kom: Parkinsons sjukdom. Den står på lista over sjukdommar nokon rett og slett får, utan at ein veit noko om årsaka til det.
- Parkinsons sjukdom oppstår når visse nerveceller i hjernen sluttar å laga nok dopamin, som nervecellene treng for å senda signal rundt i hjernen og til nervar ute i kroppen. Dopaminmangel gjer det vanskeleg å kontrollera musklane og er difor årsak til endring i rørslene dine, heiter det hos Helse Norge.
- Eg har tenkt at eg bestemmer over mitt liv, fordi eg kan tenka. Men slik er det ikkje. Kroppen bestemmer, seier Meyer.
Stokken har ho park