No melder den meritterte biologiprofessoren ved Universitetet i Oslo (UiO), Nils Chr. Stenseth, seg på med ei kritisk etterlysing av politikarane.
- Eg er svært bekymra for at det ikkje er politisk diskusjon om dette. Eg stiller meg undrande til at dette tilsynelatande ikkje er eit tema i nokon av dei politiske partia. Ingen står fram og seier ifrå om konsekvensane dette har for landet. Alt i samfunnet vårt er til sjuande og sist avhengig av den grunnleggande og nyfiknedrivne forskinga, seier Stenseth til Khrono.
Farvel til Gahr Støre
Forskingsrådet har som ledd i regjeringas ryddesjau vedtatt å stanse, redusere og forskyve ei rekke tilskot og utbetalingar til program og forskarar. Blant desse er Senter for framifrå forsking (SFF) og FRIPRO, det viktigaste programmet for tildelingar til den mest banebrytande, frie forskinga. FRIPRO blir kutta 20 pr