AddToAny

Professor ønskjer høgast mogleg generelle tillegg i lokale lønsforhandlingar

På veg inn i dei lokale lønsforhandlingane går diskusjonen om kva strategi fagforeningane skal velje.
- Vi er inne i eit eksepsjonelt år med tanke på inflasjon som følgje av, mellom anna, krig i Europa. Det vil truleg føre til reallønsnedgang for oss alle, og det er utgangspunktet for at eg meiner eit høgast mogleg generelt tillegg til alle bør vere vegen å gå i år, seier Per Jarle Bekken, professor ved Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur ved Nord universitet.

Bekken har lang erfaring frå lønsforhandlingar som tidlegare tillitsvald.

- Vi veit at det er mange som av ulike grunnar ikkje sender inn lønskrav, og dermed står i fare for å ikkje få noko. I fjor hadde dei fleste reallønsnedgang ettersom pandemien allereie hadde ført til høgare prisstiging enn normalt. Eg er redd vi får ei forsterking av dette i år, seier han.

Han meiner ein bør reise spørsmålet om korleis ein kan sikre flest mogleg i eit unnataksår som dette.

- Det treng ikkje vere eit flatt tillegg i form av eit kronebeløp, men kanskje heller arbeide for at det generelle prosentvise tillegget blir størst mogleg, seier han.

- Ikkje i samsvar med lønspolitikken

Spørsmålet blir diskutert mellom dei hovudtillitsvalde i Forskerforbundet, stadfestar Robin Munkvold, hovudtillitsvald ved Nord universitet. Flate tillegg, generelle prosentvise tillegg og større differensiering er alle opp til debatt.

Hovedtillitsvalgt Robin Munkvold. Foto: Nord universitet

- Det er naturleg når folk har vore vande med at delar av lønspotten blir tildelt sentralt, medan den nye modellen medfører at alt no blir tildelt lokalt. Nokre har argumentert med at større generelle tillegg vil vere meir rettferdig sett i lys av korleis løns- og kostnadsnivået har utvikla seg, seier han.

Forskerforbundets lønspolitikk inneber ei fordeling mellom generelle tillegg, gruppetillegg og individuelle tillegg basert på lønspolitikken ved den einskilde institusjonen.

Ved Nord universitet hadde lokallaget styremøte før helga, der konklusjonen vart at innspelet omkring flate tillegg til alle, ikkje vil vere i samsvar med forbundet sin lønspolitikk.

- No har vi jo hatt eit halvt år der vi har jobba med arbeidsgjevar om ein institusjonell lønspolitikk med kriterie for opprykk og slike ting. Eit flatt tillegg til alle vil ikkje støtte opp om det arbeidet, seier Munkvold.

Han trur også ein del medlemmar, som har førebudd seg på lokale forhandlingar ut ifrå dei lokale lønspolitiske kriteria, vil reagere dersom ein går inn i forhandlingane med størst mogleg generelle tillegg til alle som utgangspunkt.

- Så vi høyrer på signala som kjem inn, men denne diskusjonen må takast på eit høgare nivå. Forskerforbundet ønskjer jo å nytte individuelle tillegg til å styrkje fagleg utvikling.

Ber om demokratidebatt

Per Jarle Bakken etterlyser ein større intern samtale i uvanlege tider som den vi no er inne i.

- Går vi inn for eit høgast mogleg generelt prosentvis tillegg, vil det vere eit solidarisk val i eit eksepsjonelt år. Eg er ikkje mot lokale forhandlingar, men kanskje dette er året for å gjere eit unnatak, seier han.

Han meiner dei spesielle omstenda når det gjeld inflasjon, reallønsutvikling, og det nye tariffsamarbeidet med Akademikerne, også gjev grunn til å spørje om organisasjonen er tilstrekkeleg demokratisk på lokalplan.

- Er vi flinke nok til å unngå at nokre få i organisasjonen sit med for mykje makt til å ta avgjerder over hovudet på medlemsmassen? I år burde ein ha invitert alle medlemmane til diskusjon på eit tidleg stadium, der ein fekk diskutert alternativa og vurdert kva prinsipp vi legg til grunn, slik at dei tillitsvalde har ryggdekning for det dei tek opp med leiinga, seier han.

Fryktar stipendiatar fell frå

Nicolas Gibney leiar Stipandiatorganisasjonane i Noreg (SiN). Foto: NHH

Stipendiatar tilhøyrer ei gruppe som tradisjonelt kjem dårleg ut i lokale lønsforhandlingar. Dei er i liten grad organiserte, og eit fleirtal er internasjonale og kan ha lite kjennskap til norsk arbeidsliv. Nicolas Gibney, stipendiat ved Norges handelshøgskule og leiar i Stipendiatorganisasjonane i Norge (SiN), fortel at det gjer lønsspørsmålet svært relevant, men samstundes vanskeleg å jobbe med.

- Mange stipendiatar og postdoktorar er ikkje direkte inkluderte i lokale lønsforhandlingar, og dersom vi berre skal akseptere å falle bakpå år for år, vil det gjere akademia til ein mindre attraktiv arbeidsplass samanlikna med privat sektor, seier han.

Gibney meiner at slik systemet fungerer i dag, er det beste for stipendiatane om at mest mogleg av lønspotten blir fordelt sentralt, og det er også slik stipendiatane vanlegvis oppnår lønsauke. Men det ideelle ville vere om stipendiatar også stilte sterkare i dei lokale forhandlingane, slik Forskerforbundet arbeider for.

- Sidan stipendiatorganisasjonane ikkje er part i forhandlingane, prøver vi å påverke fagforeiningane sin politikk for stipendiatar og postdoktorar og på den måten bli inkluderte i dei lokale forhandlingane, seier Gibney.

Han er samd i at den uvanlege prisauken gjer situasjonen ekstra vanskeleg for mange i denne gruppa.

- Særleg dei internasjonale, som må leige husvere og ikkje veit korleis dei skal navigere mellom straumprisavtalar og liknande, kan fort pådra seg ekstra høge kostnader. Å skulle dytte konsekvensane av denne situasjonen over på dei som tener minst i akademia, verkar veldig urettferdig, seier han.

Image-text:

- Eg er ikkje mot lokale forhandlingar, men kanskje dette er året for å gjere eit unnatak, seier Per Jarle Bekken, professor ved Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur ved Nord universitet. Foto: NTB/privat

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt