Redaktør, Uniforum
Den 18. oktober vil forskar og politietterforskar Asbjørn Rachlew vera i FNs hovudforsamling når spesialrapportør for tortur, Juan Mendez legg fram ei tilråding om globale standardar for politiavhøyr.
Der vil metoden undersøkjande intervju (investigative interviewing) bli foreslått som ein internasjonal modell for politiavhøyr i staden for den tradisjonelle avhøysrmetoden (interrogation), der målet er å få den mistenkte til å koma med ei tilståing for ein kvar pris.
- Resultat av menneskerettsdialog
Asbjørn Rachlew har permisjon frå politiet og arbeider i dag som forskar ved Norsk senter for menneskerettar ved UiO.
Land som Indonesia og Vietnam er allereie i ferd med å innføra den nye standarden for politiavhøyr.
- Det er eit resultat av menneskerettsdialogen som Noreg har ført med desse to landa gjennom eit unikt samarbeid mellom Politihøgskulen og Norsk senter for menneskerettar ved UiO, fortel doktor i jus og politietterforskar Asbjørn Rachlew. Han underviser både på Politihøgskulen og på Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.
Undersøkjande intervju ny standard for politiavhøyr
Det siste tiåret har han vore sentral i å få innført ein heilt ny avhøyrsmetode for norsk politi.
- Den nye metoden er investigative interviewing, som no har erstatta det tradisjonelle avhøyret interrogation i heile politietaten i Noreg. Hovudskilnaden på dei to metodane er at med den nye forma for avhøyr etterforskar politiet alle moglege hypotesar som viser at den mistenkte er u


































































































