- Det vert også varsla ytterlegare kutt dei neste tre åra. Tilskotet til spesialistutdanninga utgjer ein viktig del av den totale økonomien til fakultetet. Når kutt som fylgje av avbyråkratiserings-og effektivitetsreforma (ABE-reforma) vert ført vidare med 0,5 prosent vil ei naudsynt fylgje av dette gå utover den faglege kvaliteten og truleg også på sikt bemanninga ved fakultetet, fryktar han.
- Tar imot pasientar med avanserte diagnosar og avanserte behandlingsbehov
Pål Barkvoll omtalar spesialistutdanning som svært viktig når det gjeld kvalitet i grunnutdanninga, noko han meiner fakultetet heile tida har peika på. Han drar også fram døme på kvifor den er så viktig.
- At fakultetet har ei aktiv spesialistutdanning fører til at me tar imot pasientar med avanserte diagnosar og behandlingsbehov. På denne måten speglar fakultetet sin pasi