Om forholdet mellom universiteta og interessentane ikkje er prega av tillit, så vil ein trenge desto fleire rutinar for rapportering, oppfølging og kontroll. Klaus Mohn Rektor, Universitetet i Stavanger
Om ein går tilbake til 2003 som eit utgangspunkt, så bygde Kvalitetsreforma på eit tankesett der universiteta langt på veg var føresett å kunne styrast gjennom mål og resultat. Overordna ambisjonar blei operasjonaliserte gjennom eit passande sett av indikatorar for prestasjonar og styring, som deretter la grunnlag for økonomisk utteljing gjennom ein mekanisk finansieringsmodell for allokering av midlane frå statsbudsjettet til universiteta.
I ei verd med tydelege mål og klokkeklare rammevilkår burde styringa av universiteta ha som ambisjon å legge best muleg til rette for at måla kunne nåast, med låge kostnadar og akseptabel risiko. I store trekk var det nok eit