Hanne Marie Johansen sukkar. Ho leiar likestillingskomiteen ved Universitetet i Bergen (UiB), og har den ferske likestillingsstatistikken framfor seg. Den viser at delen kvinner i professorstillingar ved UB framleis er 30 prosent.
Talet er ikkje veldig ulike for Universitetet i Oslo, som har 32,7 prosent kvinnelege professorar, og litt betre enn for NTNU, som har 25,7. Det står noko betre til lenger nord: UiT Norges arktiske universitet har 38 prosent kvinnelege professorar.
OsloMet er best i klassen, med 53 prosent kvinnelege professorar. Høgskulen på Vestlandet har 42 prosent kvinner i vitskapelege toppstillingar, for Høgskolen i Østfold er talet 46.
Men det er ein veg å gå for sektoren: For å nå målet om jamn kjønnsbalanse blant professorar ved norske universitet og høgskular innan 2026, må ein ifølgje eit arbeidsnotat frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) tilsetja omlag 3150 kvinner i professorstillingar.
Ni prosent
Skilnadane i kvinneandel er store, òg innanfor institusjonane. Ser ein på det største universitetet i Noreg, NTNU, har Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap like over 40 prosent kvinnelege professorar. Fakultet for ingeniørvitskap har kn