«Dei viktigaste slaga for nynorsk står i skolen. Når vi kjempar for nynorskens plass blant barn og unge, kjempar vi og for at framtidige generasjonar skal oppleve dette som eit dugande bruksspråk». Dette skriv Astrid Marie Grov på leiarplass i årets første nummer av Norsk Tidend.
Vi må vedgå at vi ikkje har brukt moglegheitene vi kunne ha hatt til å styrkje språkkompetansen i norsk dei to siste åra av det femårige løpet i lærardanninga ved OsloMet - storbyuniversitetet. Dei to siste åra av studiet har i dag minimalt med nynorsk. Nynorskopplæringa i norskfaget dei første åra er derimot ikkje forsømt. Norskmiljøet ved lærarutdanninga har nemleg dei siste tjue åra jobba hardt for å styrkje nynorsk blant dei framtidige lærarane. For det er dei som skal bringe nynorsken ut til folket.
Dei to siste åra av studiet har i dag minimalt med nynorsk. Nynorskopplæringa i norskfaget dei første åra er derimot ikkje forsømt. Vibeke Bjarnø og Mette Elisabeth Nergård OsloMet
Det er ingen løyndom at vurdering ved karakterar har vore ein motivasjonsfaktor for å lære nynorsk hos elevar som bruker bokmål. I halvårsvurderingane til 8. og 9. trinn og