MILJØGATE: Oslo kommune vil at Monrads gate til venstre, skal bli miljøgate og at UiO og Statsbygg betaler for oppgraderinga. På biletet står tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen og dagens Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV), og peikar på kor viktig det er at også Veksthuset kjem på plass i samband med Tøyenløftet.(Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther
Det var i går det blei kjent gjennom Uniforum at Oslo kommune har sett strenge vilkår både for å gi løyve til å setja i gang bygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy og Klimahuset og Veksthuset på Tøyen. Når det gjeld den planlagde utbygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy, krev Plan- og bygningsetaten at UiO og Statsbygg betalar for ein sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum. Før det er sikra, vil ikkje kommunen gi løyve til å setja i gang bygging.
* Les også i Uniforum: Krav om sykkelveg kan utsetja byg