GLER SEG OVER TILSKOTT: Oslo kommune gir 24,5 millionar kroner til Klimahuset på Tøyen. Det skapar stor glede hos prosjektleiar Torkjell Leira, miljøbyråd Lan Marie Berg, skulebyråd Inga Marte Thorkildsen og museumsdirektør Tone Lindheim..
Foto: Karsten Sund /Naturhistorisk museum, UiO
Klimahuset ved Naturhistorisk museum skal opnast før jul neste år. Det første spadestikket blir tatt i november. Klimahuset blir på 650 kvadratmeter og er teikna av Lund Hagem arkitektar i samarbeid med Atelier Oslo. Det blir reist med ei pengegåve frå Jens Ulltveit-Moe på 70 millionar kroner, men også med bidrag frå Sparebankstiftelsen, Statkraft og OBOS. Museumsdirektør Tone Lindheim er svært nøgd med at Oslo kommune i tillegg bidrar med 24,5 millionar kroner.
- Blir ryggraden i formidlinga vår framover
- Me er glade for at Natuhistorisk museum har fått dette tilskottet frå Oslo kommune. Frå tidlegare har me fått gåva frå Jens Ulltveit-Moe til bygging av Klimahuset og til utvikling av utstillingar. Men drifta har ikkje Ulltveit-Moe tatt ansvaret for å finansiera. Dei pengane må me sørgja for sjølve. Derfor er me veldig glade for det tilskottet me får frå Oslo kommune. Dei ser at dei kan dra nytte av Klimahuset til beste for barn og unge i denne byen. Me kan bidra med forskingsbasert kunnskap både i form av utstill