AddToAny

Nyutdanna sjukepleiarar får realitetssjokk i yrkeskvardagen

Nyutdanna sjukepleiarar får realitetssjokk i yrkeskvardagen
Dei går inn i yrkesutøvinga med empati for pasientar og entusiasme for faget. Men organisatoriske og faglege rammer som tidspress og manglande støtte hindrer engasjement og iver etter å lære.
Hovedbudskap

Spenningar mellom faglege ideal og realitet i yrkeskvardagen kjem i konflikt. Spenningane og verdisyna set sjukepleiaren i eit krysspress som kan løyse ut moralsk stress og utfordringar i organisasjonen. Her drøftast dei opplevde krava i yrkeskvardagen, som er ein konsekvens av politisk styringsideologi, og den leiande funksjonen til sjukepleiaren. Teksten er basert på bacheloroppgåva til førsteforfattaren og spring ut frå korleis ho opplevde realitetssjokket.

I utdanninga stiftar me kjennskap med ulike delar av helse- og omsorgstenesta. Erfaringar frå praksis, i kommune- og spesialisthelseteneste, og eige arbeid i sjukeheim har starta ei tankerekkje.

På eine sida finn me dei oppteikna ideala: Sjukepleie skal skje i lys av etikk og sjukepleieteori - ho skal vere upartisk pasientorientert. Sjukepleiaren skal utføre den grunnleggande pleia på ein fagleg kunnig og omsorgsfull måte med ein lojalitet som er forankra i pasienten, og tanke for korleis sjukdom og helsesvikt blir opplevd av pasienten (1).

Nyutdanna sjukepleiarar er skulerte med vekt på heilskapleg tilrettelagd omsorg for den einskilde (2). På den andre sida opplever eg ei travel og oppgåveorientert teneste med ein lojalitet som er forankra i systemet og arbeidsgjevaren. Kari Ingstad fortel om travle sjukepleiarar som kjenner seg overmanna av oppgåver (3).

Opplevinga kjem fram i ein studie frå 2018 (4). Studien syner stort gap mellom oppgåver sjukepleiarar meiner dei burde nytte tida si til, og kva dei faktisk gjer. Ikkje-sjukepleiefaglege oppgåver stel tida til sjukepleiarane, og dei må dermed nedprioritere sentrale sjukepleiaroppgåver.

Utdanninga med det sjukepleieteoretiske innhaldet har gitt ei romantisk førestilling av kva sjukepleie inneber, medan opplevingar frå praksis og eigen arbeidsplass fortel at arbeidsgjevaren etterspør noko heilt anna.

«Realietetssjokket» vart introdusert i 1974

Skuleringa til nyutdanna samsvarar berre i avgrensa grad med forventningane i helsetenestene (2). Vilkåra for å utøve sjukepleie har blitt dårlegare etter at sjukepleieleiarar med kunnskap om verdien av pleie blei vekke (5). Avdelingsleiarar i dagens helse- og omsorgssektor legg større vekt på budsjettdisiplin enn faglege krav. Fenomenet eg opplever, er kjent.

I 1974 blir realitetssjokk introdusert (6) som ei beskriving av opplevinga når nyutdanna sjukepleiarar oppdagar at dei ikkje kan praktisere alt dei har lært. Spenningar mellom fagleg ideal og realitet på arbeidsplassen kan arte seg ulikt, men nybegynnarfasen kan få preg av krisereaksjon.

Organisatoriske faktorar, som mangelfull forståing av eigen plass i helseorganisasjonen og manglande leiareigenskapar kan spele inn (2).

Nyutdanna sjukepleiarar går inn i yrkesutøvinga med empati for pasientar og entusiasme for faget, men organisatoriske og faglege rammer som tidspress og manglande støtte er til hinder for engasjement og iver etter å lære (7).

Utdanningskulturen legg vekt på autonomi, eigenkontroll og profesjonsetikk, medan den kliniske kvardagen er prega av systemorientering med hierarkisk styring, ekstern kontroll og økonomisk tenking (2).

Fagleg forsvarleg og omsorgsfull sjukepleie er ideal

Norsk forsking syner at sjukepleiarar set fagleg forsvarleg og omsorgsfull sjukepleie som ideal for å gjere godt arbeid. God sjukepleie heng òg saman med ei pasientsentrert haldning (8).

Yrkesetiske retningslinjer beskriv det fagleg forsvarlege og omsorgsfulle (9), og presiserer kva ansvar sjukepleiaren har for å dekkje det behovet kvar enkelt pasient har for heilskapleg omsorg og ansvaret for å yte omsorgsfull hjelp.

Retningslinjene peikar jamvel på det ansvaret sjukepleiaren har for å varsle når pasientar blir utsette for kritikkverdige eller uforsvarlege forhold. Kvalitetsforskrifta inngår som juridisk ramme for fagleg forsvarleg sjukepleie (10).

Omsorg og forsvarleg utøving er avhengige av kvarandre og skal opptre saman.

Forskrifta set krav til kvalitet og skal sikre at personar som får pleie- og omsorgst

Les mer

Flere saker fra Sykepleien

Andrzej Gorecki er sykmeldt, men får ikke sykepenger. Han forstår ikke hvorfor.
Sykepleien 20.02.2024
Kanskje er det alderen, men jeg klarer bare ikke å mønstre den store begeistringen for den siste kunstig intelligens-bølgen.
Sykepleien 06.12.2023
Det finnes ikke en stor reserve av sykepleiere, viser denne studien. De aller fleste har relevante stillinger, selv om de ikke arbeider med direkte pasientkontakt.
Sykepleien 13.10.2023
DU VET KANSKJE at du har pensjonen din i KLP og at du har «offentlig tjenestepensjon», men vet du hva dette egentlig betyr for deg?
Sykepleien 13.10.2023
Sykepleie er som jazz. Hva kjennetegner jazz? Improvisasjon.
Sykepleien 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt