Khrono
18.10.2019
Sludder og vås, seier Iselin Nybø (V) om konverteringsterapi. Men vil ikkje legga seg opp i kven NLA Høgskolen leiger ut lokale til.
Ved NLA Høgskolen i Bergen vart det denne veka arrangert eit seminar med britiske Mike Davidson. Han kallar seg eks-homofil, og sa under møtet at han hadde fått hjelp av konverteringsterapi. Davidson sa at han allereie frå ti-årsalder hadde hatt kjensler for gutar. No har han vore gift i 40 år - med ei kvinne.
Les merReaksjonane på møtet har vore sterke, mellom anna har to tilsette ved NLA sagt opp i protest fordi arrangørane, Frimodig Kirke Bjørgvin og Til Helhet, fekk nytta høgskulen sine lokale til eit slikt møte.
Eg meiner at konverteringsterapi er sludder og vås.