Ved OsloMet gjorde vi utgreiingar og sette saka på dagsorden for nesten ti år sidan (sjå t.d. Høgskolenes betydning for regional rekruttering til næringsrettede profesjonsyrker). Utgreiingane viste korleis lærestadane i stor grad rekrutterte regionalt, og at dei uteksaminerte i stor grad gjekk inn i den regionale arbeidsmarknaden.
Dette gjaldt både velferdsprofesjonsutdanningane (som lærar, førskulelærar, sosialt arbeid og sjukepleie) og næringsretta profesjonsutdanningar (som teknologi-, ingeniør- og økonomisk-administrative fag.
Og dette gjeld ikkje berre lærestadar i distrikta, også utdanningsinstitusjonar i byområde har stor regional betydning, for OsloMets vedkommande handlar det særleg om betydninga vår i Akershus - og i alle Oslos bydelar.
Samstundes er det avgjerande at spørsmålet om tilgang til høgare utdanning vert sett inn i ei forståingsramme som omfattar sosial ulikskap i brei forstand. Negative og samspelande prosessar i retning av økonomisk ulikskap, segregering, og tilgang til og bruk av høgare