Den første delen av debatten var på norsk og handla om utdanning og campus, og der var det ein mann og fire kvinner i panelet. Den siste delen av debatten var på engelsk og handla om forsking og organisasjon. Der var det ei kvinne og tre menn i panelet. Utvalsleiar Vebjørn Bakken heldt ei innleiing om utkastet før begge dei to debattane tok til.
- Mellom morfologi og fonetikk?
På utdanning- og campus-debatten var det fleire kritiske røyster mot hovudmålet til utkastet om at berekraft skal inn i alle fag.
- Studentane mine spør om det i ex-fak. skal koma inn mellom morfologi og fonetikk, fortalde prodekan Gunn Enli på Det humanistiske fakultetet. Etter hennar meining hadde utvalet lagt for stor vekt på kvantitet og for lite på kvalitet då det kom med det forslaget.
- Det er betre å satsa på at emnet berekraft skal vera av høg kvalitet enn at det skal pressast inn i alle fag, tykte ho.
- Forslaget om å få berekraft inn i ex-phil og i ex-fak.skal liksom vera enkelt å få til. Samtidig vil det å ha berekraftbriller på i utdanninga gi oss eit nytt perspektiv på faga, trudde ho.je
- Ein hårete ambisjon
Julianne Sørflaten Grovehagen er miljøpolitisk ansvarleg i Studentparlamentet. Ho var udelt positiv til utkastet til klima- og miljøstrategi for UiO og ikkje minst til forslaget om at berekraft skal inn i alle fag.
-Det er ein hårete ambisjon som me har tatt mål av oss til å få til. Det