AddToAny

Norskopplæringa for tilsette ved Oslomet blir likevel ikkje redusert

Det blir ei løysing for norsktilbodet for dei utanlanske tilsette, opplyser Lars Egeland ved Oslomet.
Oslomet har hatt eigne norskkurs for utanlandske tilsette sidan 2016. Men i budsjettet for 2020 var tilbodet i fare for å bli redusert, og fleire av dei tilsette med utanlandsk bakgrunn har vore bekymra.

Vil oppretthalde kursa

Det er Enhet for akademisk språkpraksis ved universitetsbiblioteket som driv norskkursa for tilsette.

- Vi har no fått beskjed om at rektoratet ønskjer at norsktilbodet skal oppretthaldast, så vi er i gong med å engasjere timelærarar som ikkje fekk fornya avtale ved budsjettbehandlinga i oktober, skriv bibliotekdirektør Lars Egeland til Forskerforum.

- Sjølv om vi ikkje kunngjorde nye kurs for dette semesteret, er vi ikkje i tvil om at behovet er stort, og at det blir deltakarar til kurs både for nybegynnarar og vidarekomne.

Tilsette ved Oslomet har engasjert seg og får behalde norskkursa. Frå venstre: Pavel Zemliansky, Tom Griffiths og Diego Praino. Foto: Johanne Landsverk

- Svært viktige norskkurs

Ein av dei som ha engasjert seg, er professor Tom Griffiths, som kjem frå Australia og har budd i Noreg sidan august.

- Eg underviser i internasjonale studiar. All undervisning og akademisk arbeid føregår på engelsk, og vi snakkar berre engelsk på jobb. Nettopp difor er dette norskkurset så viktig for meg, seier han.

I eit brev til rektor Curt Rice skreiv Griffiths at å redusere norskkursa vil gje små innsparingar for Oslomet, men kostnadene for dei det gjeld vil bli store.

Universitet og høgskular i Noreg har plikt til å gje tilsette som ikkje kan norsk eller skandinavisk eit tilbod om opplæring i norsk. I dei språkpolitiske retningslinjene ved Oslomet heiter det at tilsette innan tre år frå tilsetjingspunktet skal kunne vise til norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.

Les meir:

Image-text:

Tilsette ved Oslomet får behalde norskkursa. Foto: Jørgen Svarstad

Extra-info:

Fakta Europarådets nivåskala for språk A1 - Nybegynnar A2 - Litt øvd B1 - Mellomnivå B2 - Høgare mellomnivå C1 - Høgare nivå

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt