Uniforum
03.07.2020
Edvard Munchs aulamåleri og Vikingskipshuset på Bygdøy er no opne for alle. Me har snakka med turistar frå Vestlandet og Sørlandet.
Denne veka har Universitetets aula opna dørene klokka 10.00 kvar dag. Eit stort skilt lengst nede i aulatrappa kunngjer at alle no har høve til å ta ein tur inn i Aulaen for å sjå på Edvard Munchs elleve måleri om historia, vitskapen og livet.
Les mer- Fantastisk
Der møtte me ekteparet Aud og Atle Vikøyr frå Os utanfor Bergen.
- Det er første gongen me er her, og me synest det er fantastisk, er dei einige om. Og Atle Vikøyr tykkjer det er fint at folk kan få koma inn og ta Aulaen i augesyn.
- Å ha det ope her i desse omgivnadane, det er jo flott. Han er ganske naturalistisk av seg, Edvard Munch.
- Og det hadde du ikkje rekna med?
- Jau, eg visste eigentleg det. Han har jo også «Pikene på broen», konstaterer han.
Kona Aud Vikøyr likar også det ho ser.
-Eg synest det er veldig, veldig fint. Først tenkte eg at gubba så flott at så mykje var måla rett på veggen.
- me har forstått at det ikkje var heilt slik, repliserer Atle Vikøyr.
- Der oppdaga me Aulaen
Beg