AddToAny

Norske museum skårar dårleg på forsking

Norske museum skårar dårleg på forsking
Berre 7 av 71 museum får gode karakterar for forskingsinnsatsen i 2016. - Vi har ikkje vore særleg frampå når det gjeld fagfellevurderte artiklar, det innrømmer vi, seier direktør Ivar Gunnar Braaten ved Sunnmøre Museum.
Museet er eitt av mange norske museum som skårar dårleg på forsking. Dette kjem fram i «Museene 2016 - Kulturrådets vurderinger av museene i det nasjonale museumsnettverket», som for andre gong er gjort tilgjengeleg for alle. Det er dei tre områda formidling, forvaltning av samlingar og forsking som er vurderte. Sjølv om over halvparten av musea nemner forsking som eit sentralt mål for 2016, har musea ifølgje Kulturrådet eit betydeleg forbetringspotensial når det gjeld forskingsresultat.

Berre sju museum får beste omtale, som til dømes «meget tilfredstillende» eller «solid». Desse er Vest-Agder-museet, Anno Museum, Museene i Sør-Trøndelag, Varanger Museum, Museum Stavanger, Norsk Folkemuseum og Lillehammer Museum.

Dette er store museum med økonomiske ressursar og fleire tilsette med forskingskompetanse. Unnataket er Varanger Museum, som er eit mellomstort museum med 29,1 årsverk. Museet gav ut 33 publikasjonar, og fem av dei var fagfellevurderte.

Nedst i artikkelen er heile oversikta over korleis Kulturrådet vurderer alle dei 71 musea.

- Tala kunne vore betre

Til samanlikning publiserte Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, med sine 177,5 årsverk, berre 26 publikasjonar. Fire av desse var fagfellevurderte. «For en institusjon med over 50 ansatte med forskningskompetanse er ikke dette høye tall», skriv Kulturrådet, som likevel gjev karakteren tilfredstillande.

Direktør Karin Hindsbo seier Nasjonalmuseet har eit nasjonalt ansvar for å bringe fram ny kunnskap om den norske kunst-, arkitektur og designhistoria.

- Det vil alltid vere eit mål å styrke forskinga, og tala kunne klart vore betre. Museet er no inne i ein spesiell fase, kor det spennande og omfattande arbeidet fram mot det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen er i fokus. Eg vil likevel streke under at det går føre seg mykje FoU-arbeid både i Nasjonalmuseet og andre museum som ikkje blir fanga opp av kartlegginga til Kulturrådet, og som ikkje alltid er like lett å talfeste, seier Hindsbo til Forskerforum.

- For vår del gjeld det særleg det store arbeidet med samlinga fram mot det nye museet og også større prosjekt i samarbeid med institusjonar som NTNU og UiO, som ikkje blir fanga opp av statistikken.

Dårleg vurderingsgrunnlag

Marie Skoie, fungerande leiar i museumsseksjonen i Kulturrådet, seier Hindsbo har rett i at ikkje all forsking blir fanga opp i statistikken.

- Vi har ikkje alltid godt nok grunnlag til å vurdere forskingsinnsatsen. Vi går kvart år gjennom museumsstatistikken og årsrapporteringa til musea, og det er ein del museum som kjem svært dårleg ut. Om lag ein tredjedel av musea har manglande rapportering av forskingsverksemda, og då er det vanskeleg å avgjere i kva grad musea driv med forsking. Dette er også grunnen til at vi ikkje har gått ut med ei fullstendig liste over kven som gjer det mindre bra på dette området, seier Skoie.

- Ikkje alt som kjem fram

I vurderinga til Kulturrådet er det ikkje berre talet på publikasjonar som tel, men at musea har forskingsplanar, FoU-samarbeid, forskingskompetanse og at dei deltek i faglege museumsnettverk.

Sunnmøre Museum er av dei som ikkje kan vise til fagfellevurderte artiklar eller formaliserte FoU-arbeid.

- Generelt har musea vore dårlege på forsking, det er ikkje tvil om det. Men det er heller ikkje alt som kjem fram i denne statistikken, seier museumsdirektør Braaten.

- Vi har produsert årbøker, og ein av våre tilsette skriv bygdebok i samarbeid med historiemiljøet ved Høgskulen i Volda.

Han viser også til at to av dei museumstilsette deltek på kurset «Vitskapeleg publisering for museumstilsette», som er eit samarbeid mellom Museumsforbundet og Universitetet i Bergen.

- Men dei siste åra har vi nok vore meir oppteken med organiseringa og konsolideringa av museet enn av forsking, seier han.

- Dette er ikkje bra

I tildelingsbreva frå Kulturdepartementet står det at musea skal forske. Generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet meiner det er synd om ikkje signala i tilskotsbreva blir følgd opp.

- Dette er ikkje bra. Om det er fordi musea ha vald å bruke den tilgjengelege plassen til å rapportere om andre ting, eller om det er utbreidd mangel på interesse for forsking, er ikkje godt å seie, utaler Ramskjær.

Ho seier det framleis er universitetsmusea som er størst når det gjeld vitskapleg publisering.

- Men eg meiner det er aukande interesse for forsking også ved ein del andre museum. Fleire er i ferd med skrive nye forskingsplanar og gjev tilsette høve til å gå på skrivekurs eller ta doktorgrad. Ved mange institusjonar er det likevel formidling og forvaltning av samlinga som blir prioritert.

- Ein tredjedel av musea har manglande rapportering av forskingsverksemda. Kva synest du om dette?

- Om det er snakk om ei stor underrapportering her, er det synd for musea. Dei må bli meir tydelege på kva dei gjer og arbeider med, men det kan hende at positive tiltak ikkje gjev fullt utslag i statistikken.

Sjå resultat frå vurderinga til Kulturrådet her:

Fakta:

Forskerforum har prøvd å gruppere korleis dei 71 musea gjer det i forsking:

«Meget» tilfredstillande/solid (7)

Vest-Agder-museet, Anno Museum, Museene i Sør-Trøndelag, Varanger Museum, Museum Stavanger, Norsk Folkemuseum og Lillehammer Museum

God innsats/tilfredsstillande/vilje til å satse (21)

Jødisk museum i Oslo, Jærmuseet, Ryfylkemuseet, Punkt Ø, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Bymuseet i Bergen, KODE-Kunstmuseene i Bergen, Norsk Teknisk Museum, Valdresmusea, Telemark Museum, Vest-Telemark Museum, Sørlandets Kunstmuseum, Dalane Folkemuseum, Baroniet Rosendal, Museum Vest, Museumssenteret i Hordaland, Nynorsk kultursentrum, Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Nordlandsmuseet, Perspektivet museum, Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark

Forbetringspotensial (11)

Østfoldmuseene, Museene i Akershus, Oslo Museum, Randsfjordmuseene, Drammens Museum for kunst og kulturhistorie, Buskerudmuseet, Aust-Agder museum og arkiv, Næs Jernverksmuseum, Nordmøre museum, Lillehammer Kunstmuseum, Gudbrandsdalsmusea

Vanskeleg å vurdere/manglar rapportering (24)

Romsdalsmuseet, Helgeland Museum, Museum Nord, Musea i Sogn og Fjordane, Henie Onstad Kunstsenter, Astrup Fearnley Museet, Norsk Vasskraft- og industristadmuseum, Kulturkvartalet, Hardanger og Voss museum, Sunnmøre Museum, Agder naturmuseum og botaniske hage, Norsk Luftfartsmuseum, Midt-Troms Museum, Nord-Troms Museum, Nordnorsk Kunstmuseum, Sør-Troms Museum, Museet Midt, Verdensarvsenter for bergkunst-Alta Museum, Svalbard Museum, Mjøsmuseet, Norsk Bergverksmuseum, Blaafarveverket, Vestfoldmuseene, Det Internasjonale Barnekunstmuseet

Mindre tilfredsstillande/manglar forsking (8)

Kistefos-museet, Bergens Sjøfartsmuseum, Sunnhordland Museum, Haugalandmuseet, Norsk Skogfinsk Museum, Skibladner, Preus museum, Norsk Industriarbeidermuseum

Image-text:

Kulturrådet har vurdert formidling, forvaltning og forsking ved norske museum. Forskinga kjem ikkje veldig godt ut. Her Nasjonalmuseet, som i 2016 hadde 26 publikasjonar.«For en institusjon med over 50 ansatte med forskningskompetanse er ikke dette høye tall», skriv Kulturrådet. Foto: Wikimedia Commons

- Dei siste åra har vi nok vore meir opptekne av konsolideringa av museet enn av forsking, seier direktør Ivar Gunnar Braaten ved Sunnmøre museum. Foto: Sunnmøre Museum

- Det går føre seg mykje FoU-arbeid som ikkje blir fanga opp av denne kartlegginga, seier direktør Karin Hindsbo ved Nasjonalmuseet. Foto: Dag Fosse

- Dette er ikkje bra. Men det er aukande interesse for forsking ved musea, seier generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet. Foto: Museumsforbundet

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt