Nils J. Lekve er ein av veteranane i siderbransjen. Han driv Hardanger Saft- og Siderfabrikk i Ulvik og starta med siderproduksjon i 2004.
Fabrikken produserer eplejuice, eplemost, sider, dessertvin, likør og brennevin. Alle produkta med alkohol vert seld via Vinmonopolet.
- Eg starta i det små, med om lag 2 500 liter. Det har vore ein lang prosess, og det har teke tid å få norsk sider inn på Polet. Det er lettare no, men å få hylleplass på Polet gir seg ikkje sjølv, seier Lekve.
I 2018 produserte Lekve 100 000 liter med sider, som kjem for sal i 2019. Han har hatt ein gradvis auke i salet dei siste åra - særleg dei to siste.
Gravenstein, Summerred og Aroma er dei viktigaste eplesortane Lekve brukar i siderproduksjonen.
Mange nye produsentar
Gardssalet det vart opna for i juli 2016, har nok spela ei positiv rolle, meiner siderbonden.
- Me sel mest sider via Polet, men i turistsesongen har me jamt sal av sider frå garden òg. Det blir nok to- tretusen flasker i året. Eg har ikkje satsa mykje på restaurantar, fordi eg har ikkje nok tid til