- Høyrer saman med fredsprisvinnarane
Og UiO-rektor Svein Stølen hylla UiOs eigen prisvinnar:
- Nora Sveaass har jobba for at statar skal kunna haldast ansvarlege dersom dei har stått bak tortur og umenneskeleg behandling. På den måten høyrer ho heime på det same feltet som dei to som i år får Nobels fredspris, Nadia Murad frå Irak og legen Denis Mukwege frå Kongo, sa Svein Stølen.
- Stum av beundring
Forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø skulle eigentleg ha delt ut prisen til Nora Sveaass. Sidan ho blei forhindra, måtte rektor Svein Stølen steppa inn som stand in og lesa opp talen til Iselin Nybø.
- Eg blir stum av beundring av eit slikt menneske som Nora Sveaass. Ho har drive med beinhard jobbing på vegner av dei aller svakaste. Ho har drive med behandling av menneske som har vore utsett for tortur. Nora Sveaas er eit godt menneske som er glad i menneske. Ho er ein fantastisk ressurs og eit førebilete for både tilsette og studentar ved UiO. Sjølv om ho offisielt går av med pensjon neste år, har ho takka ja til fi