Knusing av korn med steinar og graving etter smykke frå jernalderen i det nye museumslaboratoriet og ein dag med arkeologar på utgravingsjobb på Vinterbro. Det var mellom aktivitetane ni barn frå 9 til 12 år fekk vera med på under sommarkurset i arkeologi på Kulturhistorisk museum i førre veke.
- Gøy å laga mjøl
To av dei som fryda seg storleg over opplevingane i Museumslaboratoriet er Ava Emilie D. Jakobsen og Else Juliette Follestad Onarheim.
- Eg gler meg masse til me skal på ei ekte utgraving på Vinterbro, seier Elise. Det gjer også venninna Ava Emilie.
- Men eg synest det også har vore gøy å laga mjøl ved å knusa korn med ein stein, seier ho.
JERNALDEREN: Det var jernalderen som var tema for ein av timane med kursleiar Henriette Brandt. Her sit dei små kursdeltakarane på små puffar i Museumslab