Khrono
27.09.2020
NHH-studentane må venta litt. Resten av studentane i Bergen kan kome attende etter koronastenging.
Etter tre veker med heimekontor og digital undervisning, satsar utdanningsinstitusjonane i Bergen på å koma attende til det dei kallar normal koronasituasjon. Men NHH må venta litt til.
Les mer- Frå og med onsdag er me attende til det me no kallar normal korona-situasjon, seier Bjørg Kristin Selvik.
Ho er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Høgskulen fekk det første utbrotet blant studentar i Bergen, allereie i fadderveka. Totalt er det no meldt om vel 40 smitta HVL-studentar frå semsterstart i august.
Planlegg våren
Dei første studievekene vart prega av mykje smitte i Bergen, mellom anna ved Norges Handelshøyskole (NHH), og frå 9.september sette kommunen i gang strenge smitteverntiltak, med mellom anna grense for kor mange som kan vera saman, og heimekontor for alle som kan. Utdanningsinstitusjonane oppmoda frå