Det er funn som er gjort i Doktorgradsundersøkinga 2019. Den har forskarane Rune Borgan Reiling, Alexander Å. Maden og Marte E.S. Ulvestad hos Nordisk institutt for studiar av detinnovasjon, forsking og utdanning (NIFU) utført på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Dei har sendt ei spørjeundersøking til alle som disputerte i Noreg frå 2013 til 2015. Til saman var det 4297 personar, og forskarane fekk svar frå 51,5 prosent av dei.
Flest jobbar på universitet og høgskular
Undersøkinga har kartlagt at av kandidatane frå 2013 til 2015, var 35,7 prosent tilsette på eit universitet eller ein høgskule medan 13,6 prosent jobba i instituttsektoren. 16 prosent av dei hadde fått seg arbeid på eit universitetssjukehus. Men mange får også jobb i privat sektor. Der hadde 19,1 prosent kandidatane fått ei tilsetjing.
Dårleg lønn og usikre arbeidsforhold i akademia
Mange av kandidatane vil gjerne halda fram med ein jobb i akademia etter at dei er ferdige med disputasen. Dei som gjer det, må dermed ta til takke med både dårlegare lønn