I førre veke kom ho til Universitetet i Oslo etter å ha brukt sju dagar på å tråkka seg gjennom 1000 kilometer på landevegen frå Nederland gjennom Tyskland og Danmark, før ho tok danskebåten den siste biten frå Frederikshavn til Oslo. Dagsetappane hennar var på mellom 135 og 165 kilometer.
Denne gongen tenkte ho at i staden for å ta ein flytur på halvannan time frå Amsterdam til Oslo, kunne ho spara klimaet ved å sykla til Oslo og samtidig samla inn pengar til meir forsking på for tidleg fødde barn.
Uniforum møter henne på Farmasøytisk institutts avdeling i Gydas vei på Marienlyst.
- For meg var det ein måte å skapa merksemd rundt og samla inn pengar til forsking på årsakene til at mange barn blir fødde for tidleg. Dette er barn som blir fødde før graviditeten har vart i 37 veker. Både i Nederland, og også i Noreg, blir 1 av 40 barn fødde for tidleg. I Nederland vil det seia 35 barn for dagen som treng intensiv medisinsk behandling, men trass i dette vil i gjennomsnit