Khrono
29.06.2020
- Du treng ikkje verte kjent med absolutt alle i fadderveka. Hald deg til dei du skal studere med, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.
Faddervekene er ikkje akkurat kjende for einmeters avstand. Studiestader landet over innfører ordningar som skal hindre at dei tradisjonelt lausslupne fadderarrangementa vert reine smittesentralar, når studieåret brakar laust frå rundt 10.august.
Les merEtter dei mange episodane sist helg med fyll og bråk, melder fleire medium at styresmaktene trugar fleire byar med å innskrenke skjenkeløyva igjen på grunn av smittefare.
Og statsministeren åtvarar i Dagbladet mot uhemma festing i byane.
Moglege innstrammingar kan fort gå utover studiestart og faddervekene, sjølv om det blir lagt planar for organiserte samlingar på campus og ikkje i