AddToAny

Musea manglar ressursar til forsking

Musea manglar ressursar til forsking
81 prosent av musea meiner dei har dårleg tilgang på forskingsressursar, ifølgje ny undersøking.
Kulturrådet har gjennomført ei omfattande spørjeundersøking ved musea under Kulturdepartementet om korleis dei har opplevd tida etter innføringa av museumsreforma, og kva for utfordringar musea ser føre seg i neste tiårsperiode.

Det er museumsleiarane som har svart på undersøkinga, og dei fleste av dei opplever ei fagleg styrking etter at museumsreforma vart innført.

I undersøkinga vart musea spurde om å vurdere tilgangen til kompetansen og ressursane knytte til forsking. 81 prosent av musea var einige om at dei hadde ikkje tilfredstillande eller dårleg tilgang på ressursar knytte til forsking.

- Dette er alvorleg, meiner generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet. - Eg trur dette speglar ein trongare økonomi og eit mindre handlingsrom internt i musea etter innføringa av ABE-reforma (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma), som musea under Kulturdepartementet er ramma av. Det er også få eksterne forskingsressursar som er tilgjengelege for musea, seier ho.

- Forsking er forsking

54 prosent av museumsleiarane svarte at dei hadde tilfredstillande eller god tilgang til kompetanse, medan 47 prosent svarte dei hadde ikkje tilfredstillande eller dårleg tilgang. Musea hadde også ulik oppfatning av kva forsking i museum er.

- Det eg er mest overraska over, er at museumsleiarar så tydeleg framleis er i tvil om kva som ligg i omgrepet forsking, seier Ramskjær.

Fleire museum svarar at forsking i museum er noko anna og meir praksisnært enn tradisjonell akademisk forsking.

Ramskjær seier det er meiningslaust å lage ein eigen definisjon på museumsforsking.

- Forsking er forsking, uavhengig om det går føre seg på eit universitet eller eit museum. Men musea gjer mykje som kan gå inn under gjeldande definisjon av utviklingsarbeid i FoU-omgrepet, meiner ho.

Ikkje ei evaluering

I undersøkinga vart det også spurt om blant anna ressursar, samarbeid, eigarstruktur, formidling, digitalisering og samlingsforvaltning. Kulturrådet presiserer at dette ikkje er ei evaluering av museumsreforma, men ei undersøking med vekt på perspektiva til museumsleiarane. I 2019 skal det gjennomførast fleire undersøkingar i museumssektoren, som samla vil utgjere eit kunnskapsgrunnlag for ei ny stortingsmelding om museum.

Image-text:

I undersøkinga vart musea spurde om å vurdere tilgangen til kompetansen og ressursane knytte til forsking. Illustrasjonsfotoet er frå Nasjonalmuseet. Undersøkinga gjev ingen opplysningar om korleis dei tilsette der svarte. Foto: Anne Hansteen Jarre

Extra-info:

Fakta

Museumsreforma

Museumsreforma vart i hovedsak gjennomført i tidsrommet 2000-2008.

Målet med reforma var å etablere sterkare fagmiljø og større einingar, og mange museum vart slått saman.

Medan det i Noreg var 350 frittståande museum på 1990-talet, er det i dag 62.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt