AddToAny

MORGENRUTINEN: Karen Kleppe skulle gjerne sett at det blei obligatorisk med svelesteikarar på alle ferjer

MORGENRUTINEN: Karen Kleppe skulle gjerne sett at det blei obligatorisk med svelesteikarar på alle ferjer
Ynsker seg også eit meir britisk politisk system. I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekke personar som er tett på mediebransjen.
Karen Anna Kleppe er journalist i Kvinnheringen, men begynner snart i jobb som reporter i TV 2.

Her kan du lese flere Morgenrutinen.

- Kaffi eller te?

- Eg er ein kaffisnobb med britiske gen, så det blir te viss ikkje det er ein verkeleg god kaffibar i nærleiken.

- Kva har du på nattbordet?

- Vatn, «Alle dagers ende» av Jenny Erpenbeck og mobilen.

- Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

- Snapchat, Facebook og Instagram blir sjekka når første alarm ringer. Etter tredje slumring står eg opp til Nyhetsmorgen eller gårsdagens Dagsnytt 18, då kjem eg fort i jobbmodus. Elles går turen innom dei konkurrerande avisene i regionen og VG, TV 2, Medier24 og DN når eg kjem på jobb.

- Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

- «Nytt regjeringsvedtak: Obligatorisk med svelesteikarar på alle ferjer»

- Kor leitar du etter gode saker?

- Postlister, sosiale medium og ute blant folk. Ofte dukkar godt stoff opp medan eg er på ei anna sak.

- Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

- Melania Trump på ein litt dårleg dag, etter ein krangel med ektemannen. Ho må sitja inne med mange gode overskrifter.

- Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

- Grundig med eit sterkt konkurranseinstinkt - saka skal vera først ute, utan manglar.

- Kva er det kjekkaste eller raraste du har opplevd i jobben?

- Eg kjem på tre merkelege episodar, der alle involverte er gamle menn på aude plassar. Den raraste av dei tre var vel då eg var i eit grisgrendt strøk på ei lita øy, og måtte opptre som meklar i ein søskenkrangel mellom to gamle brør. Om det var sant det dei sa, at dei pleidde å skyta etter kvarandre med våpen, fekk eg heldigvis ikkje stadfesta.

- Hvilket journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og hvorfor?

- Tolga-saka. Det var journalistikk på sitt beste. Sakene og ringverknadane etterpå er eit godt symbol på pressa si samfunnsrolle, og kva makt pressa faktisk har.

- Kva irriterer deg aller mest med norske media?

- Nynorsk-nekt og éinkjeldesaker. Og så trur eg journalistar er for lite ute blant folk, ein tar ofte den enklaste og mest behagelege vegen ved å senda ein e-post. Det blir det fort dårlege svar av, og gir lite rom for oppfølgingsspørsmål.

- Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

- Generelt tenker eg «fake news», og med det følgjer også ein svekka tillit til dei redaktørstyrte media. Men eg trur og håpar dei kommande generasjonane vil vera betre på å skilja mellom falske og faktiske nyhende. Her eg jobbar er utfordringa for mange spennande idear og for lite tid. På lang sikt er det korleis vi skal få inntektene over frå papir til nett.

- Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

- Trur det må vera kvar gong eg ser klipp frå underhuset i England. Tenk kor mykje artigare det ville vore å sete i politiske møter i Norge som journalist viss systemet var litt meir britisk.

- Kva er det lengste du har klart å vera utan mobilen?

- Den tida eg bruker på å nå ein fjelltopp. Når toppen er nådd må utstikta dokumenterast.

- Når loggar du av for kvelden?

- Rett før eg sovnar, som eg prøver å gjera rundt 23 på kvelden. Men det blir som regel ikkje før midnatt.

Image-text:

Karen Anna Kleppe på jobb for Kvinnheringen. Snart startar ho som reporter i TV 2. Foto: Ragna Bogsnes Hegge

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt