I går kveld kunne NRK melda at Amnesty International Noreg, Hongkong-komiteen i Noreg og den danske kunstnaren Jens Galschiøt som har laga skupturen, vil setja opp ein ny versjon av "Skamstøtta" ved Det juridiske fakultetet på UiO. Det skjer onsdag 25. mai i Universitetshagen ved dei gamle universitetsbygningane i sentrum.
Bad om universitetsvern av truga skulpturar
I Uniforums leiarkommentar frå januar i år foreslo me at UiO kunne ta imot denne skulpturen og andre truga skulpturar på same måte som forfylgde forskarar får vern gjennom organisasjonen «Scholars at Risk». No ser det ut som om dette vil skje, sjølv om dette er ein annan versjon av "Skamstøtta" enn den som blei fjerna frå Hongkong-universitetet på sterk oppfordring fr�