Nokre dagar seinare møter me han på ein regnvåt dag i Georg Sverdrups hus. Han er overtydd om at han har gjort det rette ved å slutta, men han ynskjer samtidig at oppseiinga hans og grunngjevinga for at han går, skal bli kjent i universitetssamfunnet, slik at alle kan vurdera bodskapen og ta perspektivet med inn i det vidare arbeidet med berekraft.
- Gjekk tregt etter at klimarekneskapen blei presentert
Starten på slutten av tida hans som miljøsjef i Eigedomsavdelinga på UiO, tok til rett etter at den første klimarekneskapen for UiO blei presentert i mai 2019. Det som han såg på som byrjinga på ein prosess med å få kutta ned klimaavtrykket til UiO, enda opp som eit punktum.
- Inntrykket mitt er at dette arbeidet gjekk veldig tregt etter at klimarekneskapen var blitt lansert, fortel han. - Då visste me kva me burde gjera og kvar me burde gjera det. Då gjekk det ikkje raskt nok, synest han. Rundt juletider 2019 følte han at han ikkje kom lenger, og hausten 2020 hadde han konkludert.
- Me må gira opp
- Eg kunne ikkje forsvara å jobba med dette lenger. Difor valde eg å gi opp og seia ifrå på ein fin måte og kalla ein spade for ein spade. Det er eit kjempepotensial hos UiO og klima- og miljøstrategien skal koma i gang no, medan planen var at den eigentleg skulle ha blitt avslutta no, kommenterer han tørt.
- Det er symptomatisk med mange prosessar, men UiO har eit kjempemoglegheit, men bodskapen min er at me må gira opp på ein heilt annan måte, seier Øystein Liverød til Uniforum.
Fekk i oppgåve å laga klimarekneskap
Historia om Øystein Liverød som miljøsjef i Eigedomsavdelinga ved UiO, starta i 2018. Der blei han tatt svært godt imot av eigedomsdirektør John Skogen.
- Han gav meg straks oppgåva med å laga eit klimarekneskap for Eigedomsavdelinga. Då spurte eg han om det ikkje ville vera litt smått med berre Eigedomsavdelinga, burde me ikkje laga eit klimarekneskap for heile Universitetet i Oslo. Derfor tok me eit møte om ideen med rektor Svein Stølen og dåverande universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Me fekk god gehør for ideen der, og sette i gang med arbeidet, fortel han.
I 2019 var klimarekneskapen for UiO i 2018 klar og den blei publisert på eit stormøte i Realfagsbiblioteket