Uniforum
29.11.2021
Det skal bli mogleg å få inn studietilbod i miljø på ulike disiplinprogram. På Utdanningskonferansen 2021 vil førsteamanuensis Ursula Münster forklara korleis. - Det gler eg meg til, seier viserektor for utdanning, Bjørn Stensaker.
Den 30. november organiserer UiO Utdanningskonferansen 2021 for alle tilsette som arbeider med utdanning. Den første delen av konferansen er virtuell, medan den siste delen går føre seg fysisk i Helga Engs hus på Blindern.
Les merViserektor Bjørn Stensaker ved UiO står i brodden for konferansen, og er veldig nøgd med at dei i år har knytt den tett opp til utkastet til ny klima- og miljøstrategi for UiO.
- Me skal fanga opp den dimensjonen. Derfor blir det fint å høyra korleis førsteamanuensis Ursula Münster ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk har klart å utvikla noko ho kallar for Honours Certificate in Environmental Studies, fortel Bjørn Stensaker til Uniforum.
Han peikar på at