AddToAny

Menneskerettsprisvinnar: - Ver på vakt og ver modige!

- Ikkje tru at dette ikkje vil koma hit, men ver på vakt og ver modig, for det einaste som kan redda akademisk fridom er at folk gjer det som er rett.
Det er bodskapen frå den ungarske professoren Andrea Petö til dei tilsette på Universitetet i Oslo.

I dag har den ungarske historikaren og kjønnsforskaren Andrea Petö (fødd i 1964) fått utdelt Universitetet i Oslos menneskerettspris. Ho er professor ved Central European University, eit universitet som måtte flytta frå Budapest til Wien på grunn av innføring av lover som gjorde det ulovleg for universitetet å kunna utdela amerikanske universitetsgradar i Ungarn.

Andrea Petö er tildelt UiOs menneskerettspris for innatsen sin som ein uredd forsvarar av akademisk fridom og institusjonell autonomi.

Uniforum møtte henne i Professorboligen i sentrum tidlegare i dag og tok henne også med til Gamle festsal der prisutdelinga går føre seg.

- Det er eit fantastisk fint festlokale, utbryt ho, også før me går dit. For i helga fekk ho også ei omvising i dei gamle universitetsbygningane i sentrum. Ho tar imot oss i ei av dei staselege stovene i Professorboligen.

- Gratulerer med tildelinga av UiOs menneskeretttspris for 2022! - Mange takk.

- Kva vil denne prisen ha å seia for deg?

- Dette er ei viktig anerkjenning av at åtak på akademisk fridom også er ei sak som handlar om menneskerettar. Det er ikkje noko privat problem som berre går føre seg i den akademiske verda. Me får hatmeldingar og dødstrugsmål. Derfor er det ikkje akademikarane sitt private problem, men eit strukturelt problem, seier Andrea Petö.

- Høgare utdanning er blitt ei slagmark

Ho brukar språkbruk henta frå det militære om det som skjer med akademia.

- Høgare utdanning er blitt ei slagmark. Ein stad der illiberale krefter prøver å øydeleggja både produksjon og overføring av kunnskap. Denne prisen er derfor også ei viktig anerkjenning av at det finst eit nettverk av venner som overvakar situasjonen og hjelper oss når me treng det, seier Andrea Petö til Uniforum.

- Har dei også vore til hjelp for deg?

- Eg har tapt tre gonger. Først på grunn av at kjønnsstudiar er blitt fjerna frå den offisielle lista over universitetsfag i Ungarn, deretter på grunn av at Central European University måtte flytta frå Budapest til Wien, og sist på grunn av korrupsjonen i det ungarske autorisasjonssystemet, og derfor måtte eg trekkja meg frå akkrediteringskomitéen, oppsummer ho.

Men Andrea Petö set stor pris på støtta ho fekk.

-Under alle dessse ulike stega fekk eg både hjelp og støtte, både gjennom private telefonsamtalar, epostar og fleire protestbrev med underskrifter som blei sende av mange fagfellar og venner. I tillegg fekk eg prakti

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt