AddToAny

Menneskerettsprisvinnar Ishtar Gözaydin forsvarte demokratiet konfrontert med Tyrkias ambassadør

- Eg blei nervøs. Men eg kom over det. Det vedgår Ishtar Gözaydin etter at den tyrkiske ambassadøren Fazli Çorman stilte henne kritiske spørsmål etter foredraget hennar på UiO om akademisk fridom i Tyrkia.
Alle dei 80 sitjeplassane i Professorboligen i sentrum var opptekne då Ishtar Gözaydin, vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, skulle halda talen sin under eit seminar om akademisk fridom onsdag formiddag.

På to av plassane sat den tyrkiske ambassadøren Fazli Çorman og ein medarbeidar frå ambassaden. Også statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet og representantar for Scholars at Risk var til stades. Prorektor Gro Bjørnerud Mo ynskte Ishtar Gözaydin hjarteleg velkommen, to år etter at ho skulle ha tatt imot UiOs menneskerettspris i Gamle festsal i Urbygningen.

- Eit fantastisk laboratorium

Ishtar Gözaydin starta talen sin om akademisk fridom med å fortelja om sin eigen personlege bakgrunn.

- Eg blei fødd i 1959 og vaks opp i ein ikkje-religiøs familie i Istanbul. Men frå eg var svært ung, har eg hatt stor fascinasjon for religion, sjølv om eg aldri har hatt noka religiøs tru. Men eg har heile tida hatt stor respekt for religiøs tru og det å ikkje ha ei tru. For ein forskar som er interessert i å studera alle moglege variantar av religion, er Tyrkia eit fantastisk laboratorium, Det har også gitt meg høve til å arbeida som aktivist for menneskerettar, sa ho, før ho kom inn på forskargjerninga si.

- I mine vitskaplege artiklar har eg kritisert den tyrkiske eittpartiperioden som varte frå 1923 til 1950, når det gjaldt religiøs undertrykking og behandlinga av minoritetar. Eg har avvist ei forståing av demokrati som at det berre skal kjempa for majoriteten sine rettar og stått for at i eit demokrati må også rettane til minoritetane bli sikra, fortalde ho.

I talen sin gjekk ho gjennom Tyrkias moderne historie med slutten på det eineveldige osmanske riket på 1800-talet, då sultanen ikkje delte makta med nokon, og til innføringa av den tyrkiske republikken på 1920-talet og fram til i dag og vov den saman med si eiga personlege historie. Ho fortalde også om krigshandlingane mellom tyrkiske soldatar og kurdiske væpna grupper på 1980-talet.

TOPPMØTE: Vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017 Ishtar Gözaydin møtte både statssekretær Rebekka Borsch i Kunnskapsdepartementet og prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

Gir AKP æra for demokratiske reformer Og så trekte ho fram det som skjedde 26. februar 1997.

- Då fekk Tyrkia sin første statsminister frå eit islamsk parti. Det bana vegen for politikken til partiet AKP som tok mange steg framover i demokratisk retning. Sjølv har eg aldri stemt på det partiet, men eg gir det æra for dei demokratiske reformene og for å ha gitt fleire rettar til kurdisk språk og kultur. I byrjinga gjekk det også langt i å godta alle EUs krav for at Tyrkia skulle

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt