Vi bør bort frå denne smale og instrumentelle tanken om elitespor. Kjell Lars Berge Professor, Universitet i Oslo
Historieprofessor Einar Lie ved UiO uttrykker derimot begeistring for honoursprogrammet ved UiO. I ein kronikk publisert i Khrono og Aftenposten argumenterer han for innføringa av «elitespor også i masseuniversitetenes fattige studier», det vil seie humaniora og samfunnsfag.
No får Lie ei kraftig salve til svar frå kollega og professor i tekstvitskap, Kjell Lars Berge:
- Einar Lie omtalar HF-studentane våre som ein tapargjeng, seier Berge til Khrono.
«Tristeste eg har lest»
I eit innlegg på si ega Facebook-side brukar Berge sterke ord om Lies kronikk.
« noe av det tristeste jeg har lest av/fra en kollega, en kollega som jeg (normalt) respekterer. I artikkelen vises en åpenbar forakt for våre HF-studenter, og det legges til grunn en systematisk nedvurdering av posisjonen og verdien av humanistiske studier», skriv Berge.
Han utdjupar til Khrono:
- Fordi han skal snakke opp ei svært lita gruppe av studentar, ser eg ikkje kvifor han skal snakke alle andre HF-studentar ned, seier Berge.
I kron