Utdanning
15.11.2019
Kven trur at Greta Thunberg ville lært meir på skulen enn på klimatoppmøtet?
Statsministeren har ytra at Greta Thunberg burde vere på skulen og demonstrere på fritida. Erna Solberg synest altså å meine at Thunberg ville lært meir på skulen enn av å tale på FNs klimatoppmøte og delta i ei internasjonal klimarørsle. Desse haldningane synleggjer eit svært gammaldags syn på læring.
La oss sjå litt på kva som er intensjonen med utdanning, og gå gjennom kva kompetanse det er meininga at Thunbergs aldersgruppe skal få på skulen.
Utdanning skal gi reflekterande og kritiske barn
I Noreg føregår det no ei fornying av faga i skulen, den såkalla fagfornyinga. Ifølgje Utdanningsdirektoratet (Udir) er ein av hovudintensjonane for fagfornyinga at det som elevar og lærlingar lærer i skulen, skal vere relevant. Vidare heiter det: «Samfunnet og arbeidslivet endrer seg med ny teknologi, n
Gå til medietLa oss sjå litt på kva som er intensjonen med utdanning, og gå gjennom kva kompetanse det er meininga at Thunbergs aldersgruppe skal få på skulen.