AddToAny

Makt i egalitær drakt

Makt i egalitær drakt
Mykje av interesse om og for middelklassen. Maktforhold gjennomsyrer alt menneskeleg samvær, frå organisasjonar til dei mest familiære og intime samliv.
Dette er grunntanken i den maktanalytiske og maktkritiske sosiologiske tradisjonen frå Max Weber til Pierre Bourdieu. Og tanken har mykje føre seg: Dei rangordnande evnene til menneska ser ut til å vere eit universelt fenomen. Men fenomenet varierer, frå samfunn der grupper vert definerte som undermenneske, til relativt meir likeverdige samfunn - som det norske.

Boka Middelklassekulturen i Norge byggjer på denne tradisjonen, og går i dialog med - men er også kritisk til - Bourdieu og andre variantar av klasseteoriane. Sentralt i Bourdieus analysar, som oftast handlar om det franske samfunnet, er at kulturelle rangordningar (til dømes av mat og vin) inneber at den som rangerer, stiller seg kulturelt overlegen dei som har andre, «lågareståande» preferansar. Kritikken tek utgangspunkt i den observasjonen at norsk middelklasse uttrykkjer skepsis til kulturelle rangeringar, som til dømes det å meine at Dag Solstad er ein betre forfattar enn Anne Holt. No kan vi tenkje oss ulike grunnar til ein slik skepsis. Éin grunn kunne vere at dei rett og slett meiner at kulturelle uttrykk ikkje lèt seg rangordne. Eller at dei heller ser på kultur som avslappande underhaldning enn som ei kjelde til innsikt og utvikling. Og slike tankar er då også vanlege blant dei 113 informantane frå den høgt utdanna middelklassen. Det er også førestillinga om at kulturelle rangeringar er intellektuelt snobberi, dei snur så å seie Bourdieus innsikter på hovudet og vegrar seg mot kulturell rangordning nettopp fordi dei assosierer dette med rangordninga av dei menneska som har ulike kulturelle preferansar.

Denne empiriske analysen vert kopla til ein breiare historisk-sosiologisk analyse av korleis den norske middelklassekulturen er forma - ein kultur prega av at dei har få symbolske uttrykk for felles identitet, og der egalitære verdiar formar klasseprosessane og sjølvforståinga. Koplingane mellom intervjumaterialet og institusjonelle særdrag ved det norske samfunnet er både styrken og veikskapen ved boka. Døme: Forfattarane dreg interessante sambandsliner mellom den uklare og tvitydige statusen som akademisk kunnskap har blant informantane, og tesen om at det finst ein særnorsk anti-intellektualistisk tradisjon, men denne tesen blir i større grad postulert enn kritisk undersøkt. Og dei delane av analysane som kviler på kontroversielle forskarar som Nina Witoszek og Terje Tvedt, vil fort bli disputerte.

Mangt i boka kan ha interesse for dei som er opptekne av historie og politikk, og ikkje minst for potensielle lesarar i den norske middelklassen. (Ein skal jo ikkje sveipe lenge innom P2 eller norske bokhandlar for å sjå at vi er eit lesarsegment med interesse for vårt eige verdsbilete.) Men slike allment interesserte lesarar bør nok også ha ein viss affinitet, eller i det minste aksept for boka sitt tredje hovudtema: bidraget til ein sosiologisk teoridiskusjon.

Boka kunne nok fått eit breiare nedslagsfelt om forfattarane meir stringent formidla sitt eige analytiske rammeverk og bidrag, og i mindre grad integrerte internsosiologiske skiljemerke og kommentarar i sjølve analysen. Eit viktig bidrag er at dei ser på den akademiske middelklassen sine forsøk på å posisjonere seg sjølv som eit moralsk arbeid for å redusere skilnadene mellom seg og andre samfunnsgrupper. Ein enklare og friare analyse kunne også aktualisert boka politisk. Det kunne til dømes ha vore interessant om forfattarane drøfta om desse særdraga ved den norske middelklassen gjer det norske samfunnet meir resistent mot elitekritikk og opprør av den typen vi ser i mange land, eit opprør som meir rettar seg mot den kulturelle enn den økonomiske eliten. Men det blir kanskje i ei anna bok?

Sjølv legg eg frå meg boka med tanken på den gleda eg kjenner ved å leve eit liv i det som eg ofte opplever som rom fylte av likeverd, ikkje minst når eg omgåst familie og vener som i det ytre har heilt andre posisjonar enn eg har.

Eit førestilt fellesskap om verdien av godt arbeid og gode liv, av fellesskap på fotballpubar, kunstutstillingar og i poetiske rom. Og i undring over dei som ikkje ønskjer å skilje mellom gode og middelmåtige forfattarskap. Som om ein ikkje skal kunne skilje mellom gode og dårlege snikkarar fordi ein trur vurderinga rommar så mykje meir enn det. Og med førestillinga om at vi har eit felles prosjekt der vi sameinar det å oppvurdere og dermed rangere kunnskap ut frå ein skepsis til store status- og lønnshierarki med basis i dette kunnskapshierarkiet. Vel vitande om at dette er tankane til ein kunnskapsarbeidar i den egalitære norske tradisjonen, og at eg med slike tankar er eit objekt for analysen til sosiologane.

Image-text:

Eit viktig bidrag er at boka ser på den akademiske middelklassen sine forsøk på å posisjonere seg sjølv som eit moralsk arbeid for å redusere skilnadene mellom seg og andre samfunnsgrupper. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Extra-info:

Fakta

Rune Sakslind, Ove Skarpenes og Roger Hestholm

Middelklassekulturen i Norge. En komparativ sosiologisk studie

Scandinavian Academic Press, 2018

280 sider

Rettl. pris: kr 399

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt