Khrono
18.09.2021
Han får 70 timar reisetid for å halda eit innlegg på ein konferanse. - Eg lova i valkampen at eg ikkje skal ta fly, seier styremedlem Gard Skulstad Johanson.
Gard Skulstad Johanson er på veg til Tromsø for å halda eit innlegg under ein konferanse. Dit reiser han ikkje med fly, som er det kjappaste alternativet. Medisinstudenten, som òg er styremedlem ved Universitetet i Bergen, reiser rett og slett med tog, og deretter den siste biten av reisa med buss.
Les mer- Eg må ta litt buss, sidan Nord-Noreg-bana ikkje er bygd. Eg er skeptisk til den, men i dette tilfellet hadde det vore fint med tog til Tromsø, humrar han.
- Kor lang tid tek dette?
- Det er 35 timar kvar veg, så alt