Khrono
27.01.2022
Nils Rune Langeland har søkt ei stilling ved Høgskulen på Vestlandet. - Me handsamar alle søkjarar likt, og skal ha ein skikkeleg prosess, seier rektor Gunnar Yttri.
Nils Rune Langeland står på søkjarlista til ei stilling som førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet. Stillinga er plassert i Sogndal.
Les merSom Khrono nyleg har skrive, vurderer Langeland å så til sak mot UiT Noregs arktiske universitet (UiT) etter at dei ikkje kalla han inn til intervju til ei stilling som førsteamanuensis. Langeland sin søknad vart ikkje vurdert av den sakkunnige komiteen.
Langeland har doktorgrad i historie og professorkompetanse. Han var professor ved Universitetet i Stavanger fram til 2019. Då mista han jobben, og hovudgrunnen var «mange tilfeller av uakseptabel atferd gjennom en årrekke». Langeland gjekk til retten, men tapte.
Sidan 2019 har Langeland søkt fleire stillingar ved norske universitet og høgskular, men ikkje fått nokon ny jobb.
- Spørsm�