AddToAny

Leiar: Universitetet er daudt. Leve universitetet.

Leiar: Universitetet er daudt. Leve universitetet.
Keep calm and teach on. Er du forskar? Eg får ofte spørsmålet når eg seier eg kva eg jobbar med. Nei, eg er ikkje ein gong tilsett på ein institusjon som driv med forsking og høgare utdanning.
Det er like fullt jobben min å vite mykje om kva forskarar gjer og korleis de har det. Eg vonar de tillèt at eg i denne perioden er stolt av dykk og de andre kunnskapsarbeidarar som les dette bladet.

Eg vert stolt og glad av fleksibiliteten. Å leggje brått om til nettundervising i staden for vanlege førelesingar, er noko ein kan gå inn i med mismot, prestasjons- og teknologiangst, og alle desse hindra kan ha gode grunnar. Så de som har det slik, har òg min sympati. Facebook-gruppa «Digital dugnad i høyere utdanning» er ikkje tufta på mismot, men noko av det beste forskarstanden har å by på: fleksibilitet og samfunnsansvar. Når studentane ikkje kan få undervising på den måten alle var innstilte på, skal dei ikkje - iallfall ikkje utan sverdslag - verte skadelidande. I ein reportasje fortel vi om vitskapleg tilsette som snudde seg raskt for å kunne gje studentane eit alternativt tilbod i unntakstilstanden. «Målet var å skape et rom der vi kunne være nybegynnere sammen. Og det ser det ut som vi har fått til. Gruppen har tatt helt av», seier jussprofessor Elisabeth Gording Stang ved Oslomet. Ho ynskte hjelp, og ho får det, mellom anna av han ho allierte seg med i aksjonen, Malcolm Langford, jussprofessor ved Universitetet i Oslo. «Det handler ikke bare om det tekniske, men også om det pedagogiske og hvordan man faktisk kan gjøre dette hjemmefra», seier han.

Dette skal vi løyse. Då Forskerforum skulle skaffe seg eit fyrsteinntrykk om korleis koronatilstanden prega sektoren, samla mykje seg i desse vakre orda. Ikkje berre om den nemnde undervisinga, det var eit samstemt refrenget på fleire nivå. Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, fortel mellom anna om studentar i helseprofesjonane som trengst no. «Vi skal gå i dialog med Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet i etterkant, men de er også opptatt av at vi skal handle, ikke sitte og vente på svar fra departementet.» Vi nærmar oss ein «gjennomfør fyrst, spør om lov etterpå»-mentalitet. Alvoret gjer oss pragmatiske.

Forskinga er akutt og samfunnsvital. I denne krisetida kjem det for ein dag kor vital forskinga er for samfunnet. Vi kan gå heilt inn til kjernen i denne samanhengen, til kunnskapsgrunnlaget helsestyresmaktene er avhengige av. Tilliten til forsking er jamt over høg, men kan variere, til og med av legitime grunnar. I ei krisetid trengst solid kunnskap og respekt for den, frå topp til botn og ut i breidda. Teoriane og modellane Folkehelseinstituttet bruker kan knapt vere ufeilbarlege, men må ha klåre og opne premiss og slutningar. Dei må til og med vere forståelege og operasjonaliserbare for både profesjonelle og alle yrkesgrupper og privatpersonar som ufriviljug har hamna innanfor relevansen av vitskapen. Alexander H. Sandtorv, som er fyrsteamanuensis i organisk kjemi, held i eit intervju i Morgenbladet fram at koronaviruset er ei ypperleg direktesending av korleis forskinga fungerer. «Vi vet i utgangspunktet ingenting, og verdenssamfunnet kommer sammen og kartlegger i møysommelig detalj de ulike aspektene ved viruset. Forskere jobber natt og dag for å modellere, forstå og kartlegge. Denne kunnskapen er uhyre viktig for allmennheten.» Forskingsrådet står bak ei hasteutlysing av forskingsmidlar til forsking på koronaviruset. Medan eg skriv dette, kan eg lese at 114 forskingsmiljø så langt har søkt, og for å gje berre éi stikkprøve: Niva, norsk institutt for vassforsking, har saman med andre søkt om midlar til å studere omfanget av Covid 19 gjennom kloakken: «En overvåkning i avløpsvann kan fange opp patogener, sykdomsfremkallende bakterier og virus, før befolkningen viser tegn på symptomer», heiter det i ei pressemelding frå Niva.

Oppi det heile: Eg har ein stille jubel. Den omfattar òg heilt andre fag, og eg kan ikkje anna enn å falle for denne Facebook-ytringa frå historikaren Tore Linné Eriksen, sitert i Klassekampen: «Det meste stenges ned, bortsett fra det som nå heter samfunnskritiske funksjoner. Jeg mener at jeg alltid har hatt en samfunnskritisk funksjon, og fortsetter derfor som før.»

Ministeren viser respekt for ånden i sektoren. Henrik Asheim, statsråd for forsking og høgare utdanning, skriv i eit innlegg i Khrono: «Det mangler verken på kriseforståelse eller innsatsvilje på landets universiteter og høgskoler. Jeg er vanvittig imponert over alt dere gjør i møte med krisen landet står i.» Eg vil leggje til gilde direktorat- og departementsfolk med fagmiljø på høgt nivå, instituttforskarar på heimekontor, reformpressa administrativt tilsette, stolt sorterande og serviceinnstilte arkivarar, kliniske ernæringsfysiologar og helseforskarar, sanningssøkande bibliotekarar, tilsette ved musea med stengde utstillingar og permitteringar, og alle andre medlemmer og lesarar. Til alle redde, gamle og unge, vil eg seie: Vi er der for dykk, og de for oss. Alt det beste i koronaens tid.

Universitetet lever.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt