Uniforum
30.09.2022
Håpet er at demonstrasjonane inneber byrjinga på slutten av det autoritære og menneskefiendlege regimet i Iran. Også folket i Iran har rett til fridom, likeverd og demokrati.
Den 16. september døydde den kurdiske studenten Mahsa Amini i varetekt hos det religiøse politiet i Teheran. Brotsverket hennar var at det var nokre få hårstrå for mykje som var komne utanfor den påbydde hijaben. Dei iranske styresmaktene hevda at ho døydde av hjarteinfarkt, men ifylgje familien til jenta hadde ho aldri hatt hjarteproblem.
Les merDødsfallet til Mahsa Amini i «moralpolitiets» varetekt tente ein gnist som sette fyr på store delar av det iranske samfunnet både innanlands og utanlands. Kvinner demonstrerte mot dei iranske styre