Uniforum
17.06.2022
Når budsjettramma for nytt Vikingtidsmuseum er på 2,4 milliardar kroner, medan Nasjonalmuseet til slutt kom på over 6 milliardar kroner, så synest me regjeringa godt kan gi ei ekstraløyving på 1 milliard kroner til det nye museet på Bygdøy.
Det blir ein stor internasjonal skandale om ikkje bygginga av nytt Vikingstidsmuseum kan bli sett i gang den 1. august som planlagt. Når Stortinget har vedtatt og løyvd pengar til nytt Vikingtidsmuseum, må Noreg kunna slå på stortromma når det gjeld å realisera eit storslått museumsbygg. I forliket om revidert nasjonalbudsjett denne veka ber også dei finanspolitiske talspersonane for Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om at moglege innsparingstiltak, ikkje må føra til ei utsetjing av byggjestarten.
Les merNoreg har dei einaste intakte vikingskipa i heile verda. Difor har me ikkje berre eit nasjonalt, men også eit internasjonalt ansvar for å ta vare på desse kulturskattane på ein best mogleg måte. Budsjettramma for nytt museumsbygg med inventar og andre investeringar er på 2,4 milliardar kroner, ifylgje Statsbygg. I februar kunne U