Khrono
29.10.2020
Uansett kor mange kandidatar som stiller til val som rektor ved Universitetet i Bergen, er planen å ha berre ein valomgang. Sjå styremøtet direkte her.
2021 er hovudvalår ved Universitetet i Bergen. Det betyr at det både skal veljast ny rektor og nye medlemmer til universitetsstyret. Fakulteta skal òg ha nye styre, og det skal veljast nye instituttråd.
Les merDet første som må veljast, er rektor. Deretter må det gå fire veker før ein kan ha neste va, heiter det i valreglementet.
Universitetsstyret skal difor i møtet torsdag både bestemma tidspunkt for det digitale rektorvalet, og i tillegg vedta ei endring i valreglementet: Universitetsdirektøren sitt forslag er at valet vert gjennomført som preferanseval.
Vil hindra at ein vert «valtrøytt»
I dag skal rektorvalet gjennomførast som fleirtalsval. Det betyr at dersom det stiller mei